Det var med tungt hjerte Måsen vart løfta på land i Green Cove Springs, Florida i går. Det er to og ein halv månad sidan båten vart sjøsatt i Trinidad og ein så god båt fortener eigentleg ikkje å bli fjerna frå sitt rette element etter så kort tid. Heldigvis har tida blitt brukt relativt effektivt, og me har gjort unna bortimot 2300 nautiske mil. Dette utgjer totalt meir eller mindre nøyaktig 10 000 nautiske mil sidan avgang frå Norge 1. Mai 2014.
Eg likar ikkje å skriva at alt er så fantastisk bra og at alt er kos og gull og grøne skogar heile tida. For det er det ikkje. Å segla er er stressande, ukomfortabelt og generelt utfordrande. Når du er undervegs må du i dei fleste tilfelle forholda deg til vind/sjøforhold som ikkje er optimale. Det er stort sett alltid litt friskare eller litt meir dødt enn det du kunne tenkt deg. Når du er i havn på ein slik tur som dette er fokuset alltid på neste trekk. Når skal me dra? Korleis er vermeldingane? Korleis er straumforholda? Kva havn er det best å gå til? Har me papirarbeidet i orden for innsjekking eller utsjekking? Kjem me fram i dagslys? Du må alltid vera på hugget og halda deg orientert. Snakka med andre seglarar. Rådføra deg. Dei som trur at alt er enkelt, dei tar feil. Faktum er uansett at så snart ein har overvunnet ei utfordring, er sorgane begravd og gløymd. Og sidan ein reiseblogg skildrar hendelsar i etterkant er det naturleg å fokusera på seieren og ikkje dei begravde sorgane.
No sitt eg på flyplassen i Orlando. Eg fekk tilbod om skyss hit frå marinaen, og takka ja sjølv om det innebar 8 timar venting her på flyplassen. Kollektivtilbodet er ikkje så bra her i USA. Her har alle bil. I går reiste Sophie. Ho skal til Guatemala med nokre venninner. Deretter skal dei på backpacking i Mexico nokre veker. Eg må heim på jobb og benyttar meg nok ein gong av Bjørn Kjos sitt fantastiske imperium. Å ta ein dreamliner over natta direkte til Oslo er ikkje mindre enn fantastisk!
Eg går tilbake til forrige blogginnlegg. Då var me i Nassau, Bahamas. Det følast som ei evighet sidan. Me var i Nassau to dagar, før me segla ei dagsetappe opp til Berry Islands. Me ankom ei av øyene der rett før det vart mørkt, og ankra ved sidan av kanadiske ”Be Faithful 2” som me hadde møtt i Nassau dagen før. Då hadde dei uventande komt bort til oss med dinghyen vår på slep. Fem minutt tidlegare hadde meg og Sophie komt frå land. Begge oss hadde åpenbart trudd at den andre tok seg av fortøying av dinghy til Måsen. Geoff og Jane bur mesteparten av året på Prince Edward Island aust i Canada. Dei driv ein stiftelse med navn Vinland, og det var flaut å innsjå kor overlegne dei var oss når det gjaldt vikinghistorie. Her nokre bilete frå Nassau.
Cabbage Cay ligg like ved Little Harbour Cay. Her er det ein liten resturant med conch skjell som hovedrett på menyen.
Berry Islands er ein liten kjede av øyer mellom New Providence Island og Grand Bahama Island. Av ein eller annan grunn er “The Berries” relativt lite besøkt og likevel ufattelig vakre. Me segla vidare frå Cabbage Cay til Soldier Cay den neste dagen. Soldier Cay er ein anna veldig lite besøkt godvêrs-cay med spektakulært undervannsliv. Det krydde av småhai og barracuda rundt båten, og når eg snorkla inne ved stranda kom eg over ei stor rokke.Akkurat sånn likar eg best å ligge ankra:
Me hadde på dette tidspunktet (som alltid ellers på denne turen) eit nokså stramt tidsbudsjett, så neste dag gjekk turen vidare til Great Harbour Cay som me hadde bestemt oss for å ha som siste stopp i Bahamas. Great Harbour Cay er ei litt større øy med ein butikk og ein marina. Me ankra opp inne i ei såkalt pocket-bay, som er ei heilt skjerma bukt med berre ei smal innsegling. Kanskje ikkje den mest sjarmerande plassen me har ankra, men absolutt ein av dei best skjerma. Me visste at det var ein austleg kaldfront på veg, og hadde bestemt oss for å ri vestover på den for så å komma inn i golf-straumen som renn nordover med opp i fire knop mellom Bahamas og Florida. Torsdag begynte kaldfronten å ula i riggen. Den neste dagen hadde me bestemt oss for å dra til tross for at dei fleste kanadarane og amerikanarane rista på hovuda. Det som er facinerande med Bahamas er at det er så nærme USA at det er tilgjengeleg for kystseglarar. Du treng ikkje ein gong å segla om natta for å komma dit. For oss fortonar det heile seg litt annleis. Om ein kun skal segla på dagtid tar det vekesvis å forflytta seg berre eit par hundre mil. Om ein attpåtil ikkje seglar i vindstyrkar på meir enn 20 knop er det forståelig at ein aldri beveger seg utanfor området Florida-Bahamas, sjølv om ein gjerne er på tur frå oktober til april. Samtidig går det ikkje an å klandra dei som gjer det, då Bahamas kanskje er den finaste plassen me har segla. Det overraskar meg at det ikkje er fleire nordiske pensjonistar og trekkfuglar som har båt i Florida og seglar til Bahamas på vinteren. Det er veldig sutalaust og fint.
Fredagsmorgon heiv me anker til trass for sterk vind. Eg hadde anslått vinden til å vera meir eller mindre bakfrå, og at det ville medføra ein behageleg seilas. Vinden skulle avta for å meir eller mindre forsvinna heilt frå tidleg søndagsmorgon, så her gjaldt det å komma seg avgårde. Det var 340Nm til St. Augustine i Florida. Eg tok feil angåande velbehag. Så snart me kom ut i open og djup sjø hamra krappe store bølger over oss. Vinden var meir nordleg enn eg hadde forutsett, så dermed segla me meir på slør enn på lens. På full-revet storsegl og utan forsegl dundra me avgårde i 7-8 knop. Og det ville ikkje roa seg. Me bestemte oss for å setta kursen for Freeport på Grand Bahama Island, då me etterkvart var nokså medtatt. Dessverre hadde me ikkje kartbok for området, kun dårlege elektroniske kart frå navionics. I halvskumringa utanfor ein ukjend kyst bestemte me oss dermed for å fortsetta mot USA. Dei neste timane kunne me nyta ly frå kysten på Grand Bahama, og moralen ombord tok seg opp nokre hakk. I løpet av natta kom me inn i den berykta golf-straumen. Det er ein spesiell følelse å befinna seg midt ute på havet og vita at alt vatnet rundt deg inkludert deg sjølv beveger seg med 4 knops fart nordover. Tenk kva energi som er i sving! Omsider roa vinden seg ned litt, men gjennom natta og neste dag segla me likevel med 6-8 knop pga straumen. Laurdagskveld og utover søndag forsvann vinden tidvis heilt, og etter at golfstraumen var kryssa forsvann også farten. På formiddagen måtte motoren i gong for å sikra ankomst i dagslys.
Å segla i USA er noko eg har grugleda meg veldig til. Gleda meg fordi eg er veldig facinert av dette veldige og mektige landet. Grua meg fordi myndighetane og regelverket her er vanskeleg å ha med å gjera. Det var uansett ein god følelse å segla inn til St. Augustine som er ein av dei største turistdestinasjonane i USA. Turistdestinasjon fordi det er den eldste byen i landet, med ein facinerande historie og arkitektur prega av både spaniolar og engelskmenn. Spanjolane var der først, og turistnæringa i dag nyt godt av pirataktiviteten som var i byen på 17 og 1800-talet.
Så snart me var innaskjærs var det yrande aktivitet på sjøen. ICW eller the Inter Coastal Waterway passerer gjennom byen, og det er mykje folk frå heile nord-amerika som kjem hit. Me fekk fort kontakt med den lokale marinaen på VHFen, og snart var me fortøyd til ein bøye. Me tok dinghyen i land, og der hadde me tilgang til varm dusj, internett, vaskemaskiner osv. Tilbake til den såkalla sivilisasjonen. Elsk-hat på sitt sterkaste. Det var nok mest elsk der og då!
Med ein gong ein kjem til USA må ein melda sin ankomst ved å ringe eit telefon-nummer til myndighetane. Då får ein eit saksnummer, og beskjed om å oppsøka ein custom-og immigration kontor innan 24 timar. Eg fekk også kontakt direkte med den lokale offiseren, og fekk avtalt stad og tid på flyplassen i St. Augustine neste dag. Heldigvis vart det aldri snakk om noko inspeksjon av båten. Den neste dagen stilla me pliktoppfyllande opp. Det gjorde også Alex og Sharon, eit engelsk par busatt i Canada som segla ein nydeleg 34fots Kaiser Gale Force. Offiseren var negativ frå første stund, og sidan Alex og Sharon kun hadde ESTA og ikkje visum snakka han umiddelbart om å deportere dei. Heile dagen gjekk med på flyplassen, då datasystemet var nede for telling. Tilslutt fekk heldigvis meg og Sophie stempla passa våre og utskrevet ein cruising permit gyldig eit år. Alex og Sharon fekk med nød og neppe 12 dagar på seg til å forlata landet. Dei hadde tenkt å bruka eit par månedar på å segla til Canada. I fjor haust hadde dei segla motsatt veg og då hadde dei fått både cruising permit og stempel i passet. I dette landet er det ikkje klare lover å reglar. Her får den enkelte offiser håndheva lova som han vil, og denne gongen traff Alex og Sharon definitivt på feil mann. Forøvrig er det ikkje berre å segla som ein vil med cruising permit. Kvar gong ein forflyttar seg må ein ringa inn til eit nummer å melda frå kvar ein befinn seg.
Den neste dagen kosa me oss i St. Augustine. Det var deilig å nyta full tilgang på ALT. Etter ein lengre periode i land der det faktisk er ei seriøs utfordring å få tak i f.eks ein ost, er det sprøtt å komma til nettopp Florida.
Etter St.Augustine skulle me endeleg få testa ut den berømte innlands sjøvegen på den amerikanske austkysten. Heilt frå Miami til Maine kan du bevega deg i småbåt utan nevneverdige strekk i open sjø. ICW består stort sett av elver, så dermed blir straum den største utfordringa. Ved å bevega deg gjennom ICW får du eit inntrykk av kva ufatteleg rikdom som er i dette landet. Store eigedomar med store båtar, jetskiar og kaianlegg ligg på rad og rekka. Mange har skilt i sjøkanten der dei viser sin support til Trump.
Etter ein lang dag med motorkøyring og manuell styring ankom me Jacksonville i St. Johnelva samtidig med Alex og Sharon på Salimah før det vart mørkt. I Jacksonville har dei gratis bruk av kaianlegg midt i byen. Berre det å ligga fortøyd til ei vanleg brygga følast uvant for oss, og det litt merkbart kaldare klimaet førte tankane våre til båtlivet heima i Norge. Den neste dagen flytta me oss under løftebrua og låg oss fortøyd ved eit nytt gratis kaianlegg, no endå meir sentralt. Jacksonville er ein typisk amerikansk middels stor by. Nokre skyskraparar, folk som køyrer bil til frå jobb downtown, men som bur utanfor byen. Generelt lite liv i bykjernen, bortsett frå den typiske andelen tiggarar og uteliggarar.
Klokka seks neste morgon sov eg uroleg pga. mykje skvalping på skroget og bevegelse i båten. Plutselig spratt eg opp når eg høyrde eit høgt SNAPP etterfulgt av BANG. Akterfortøyningen vår hadde røket, og me hang på springane med baugen trykt opp i ei betongsøyle på kaien. Me låg nesten i 90 graders vinkel i forhold til brygga, med minst 4 knops straum som skubba oss mot den senka brua rundt 50m lengre framme. Å bakka oss inntil var umogeleg, men etter å ha fått festa nokre nye tampar og brukt kniven på nokre andre kom me oss tilslutt inntil igjen. I mellomtida hadde Alex og Sharon og nokre lokale morgontrimmarar fått med seg oppstyret og trådd til for å hjelpa. Me slapp heldigvis i frå det utan store skader. Konklusjonen er som følger: fortøy skikkelig når du ligg i ei elv! På dette biletet har me akkurat berga oss.
Den neste dagen var tida inne for siste etappe. Med straumen, men mot vinden fortsatt me vidare oppover elva. (Desse elvene er store og på havnivå. Ikkje sånn som småelvene i Norge). Det vart kjempeseilas og ei verdig avslutning på turen. Alex og Sharon tok samme veg og skal no selga båten sin. Er du ute etter ein tung, langkjølt havseglar med vakre linjer og god utrustning bør du kjøpa den. Den befinn seg allerede der du ynskjer å vera. Den har cruising permit som varer til september og den koster 35000 dollar. Go for it!
Dei siste dagane i Spring Cove har me forberedt båten på opplag. Fått gjort unna service på motor og båt. Pakka, rydda, ordna og fiksa. Det er ein brukt-butikk her som kjøper og sel båtutstyr, og dei har alt. I tillegg kan du bestilla utstyr frå West Marine, som er den største båt-utstyrsforhandlaren i verden(?). Og alt er med ein-dags levering. Det er også rimelig kompetanse tilgjengelig, så me har fått avtalt med eit mekanisk verksted som skal ordna ror-opphenget vårt, som er nokså slarke no. Eg føler meg motivert for å få gjort unna nokre oppgraderinger her. Arbeid som hadde vore og tungvint og dyrt å gjera i Trinidad.
I går tidleg reiste Sophie til Fort Lauderdale for å treffe nokre venninner. I dag reiser dei vidare til huset vårt i Guatemala. Det er rart å tenka på huset vårt i Guatemala. Der budde me i tre månedar før me begynte å segla. Dei siste månedane har me kome i gong med utleige. Me har hatt fire kortare utleigeperiodar, knapt tilstrekkeleg til løpande utgiftar. Heldigvis tikka det inn ein meir seriøs reservasjon i går, og me har god tru på at det blir meir og meir pågang ettersom det blir fleire gode anmeldelsar. For anmeldalsene er gode når det er snakk om ein så bra plass!
No er båten på land, og dette kapittelet er over. Eg skal heim til jobben min i Salmar. Det har skjedd store endringar der også, og dei som sitt på aksjanepostane ser ikkje lenger potensialet i oppdrett i Romsdalen. Dermed blir konsesjonar flytta og folk likeså. Eg skal fortsatt jobba på servicebåt, men i større grad med avlusing og i større grad i området Frøya-Hitra. Eg ser fram til det.
Me har lyst å segla båten til Norge via Canada og Grønland. Me har fått mange venner i Canada, og ideelt sett kunne me tenka oss å segla båten til Canada i år, for så å ha den spennklar der oppe for neste sommarsesong. Om det lar seg gjera tør me ikkje heilt å ta stilling til før me er inne i jobbrutinar og turnusar i Norge. For det er der me ynskjer å ha fokuset no!
Etterord:
Som ofte før er det vanskelig å få bloggen på nett rett etter den er skrevet. Ein må ha tilstrekkelig bra internett til å lasta opp bilete osv. No er eg i Stokksund i Trøndelag kvar eg skal bli kjent med den nye båten eg skal vera med å drifta frå no av. Sophie er i huset i Guatemala. Me fekk akkurat inn ei reservasjon for heile mai og juni, noko som er ein stor lettelse for oss. Er det andre som har lyst på ein draumeferie er det berre å legga inn ei booking her: https://www.airbnb.no/rooms/16335132 🙂
Alltid like gøy å lese bloggen deres. Lykke til med det som kommer! Håper vi sees snart.
Stor klem til dere begge fra Carro
LikeLike