Øyhopping i Bahamas

Denne gongen er S/Y Måsen på Bahamas. Det er akkurat like bra som det høyrast ut!

Krystallklart vatn, eit sammensurium av cays, dvs holmar, som gjer at ein kan segla akkurat så langt ein følar for på ein dag før ein ankrer på to meter djupt vatn nærmast kvar som helst. Holmane er også så låge at dei ikkje påverkar vinden, som i motsetning til i Karibien her dreier og bles frå andre retningar enn aust heile tida. På denne årstida er utfordringa i stor grad knytta til kaldfrontane som stadig kjem frå nord. Når dei kjem vil du helst befinna deg i ei le bukt. For oss som er på veg nettopp mot nordvest betyr det venting enkelte dagar, og utnytting av dei opningane me får. Akkurat no ligg me på Shroud Cay, litt nord for midten av Exuma-kjeden. The Exumas er ganske enkelt ei rekke av små cays og korallrev som strekk seg frå nordvest mot søraust. På nordsida er det djupt vatn, på sørsida er det grunt. Det er på sørsida ein har mest lyst å vera. Det er her ein er skjerma frå kaldfrontane, og det er her dei fleste gode ankringsplassane er. Enkelte av øyene er bebudd av lokale, andre har berre ein resort, enkelte har marina, andre har absolutt ingenting anna enn mangrover og eit par fine strender. Det er dei sistnevnte plassane som facinerer oss mest. Som akkurat her og no. Sophie har laga middag og brownies til dessert. Litt cubansk kaffi-likør attåt. Yatch-livet er bra!

Sist me skreiv blogg var i Santiago de Cuba, noko som følast som ei evighet sidan. Santiago er ein fantastisk by og Cuba eit fantastisk land. Dagane gjekk stort sett ut på å nyta livet i byen. Mat, drikka, musikk og folk. Dan som hadde vore med sidan Curacao mønstra av. Rett før det vart mørkt ein kveld forlot meg og Sophie marinaen i Santiago, der me ankom midt på natta nokre døgn tidlegare. Oppholdet i marinaen hadde vore greit nok, bortsett frå at det lokale raffenriet hadde sendt til værs nokre stoff som var slått seg ned på gelcoaten på dekket vårt i form av stygge gule flekkar. Av den typen som ikkje vil vekk. På trass av dette skulle me gjerne hatt eit par dagar til i Santiago, men no stod windward passage for tur. Windward passage er passasjen mellom Haiti og Cuba, og som navnet tilseier er den kjend for mykje vind. Normalt sett frå nordaust, altså motsatt retning av den me skulle. No hadde me eit vêrvindu med eit par rolige dagar, så det måtte me benytta oss av. Frå Santiago til neste destinasjon Baracoa var det ca 140Nm. For å gjera det lettare bestemte me oss for å dela etappen opp. Første natt til Baitiquiri, ei lita bukt ca halvvegs. Bruka dagen til kvile, for så å fortsetta til Baracoa neste natt. Dette for å sørga for ankomst begge plassane i dagslys. Første etappe gjekk forbi den amerikanske marinebasen i Guatanamo-bukta. Det var svarte natta, og me motorsegla utanfor dei gitte grensene til amerikanarane. Me var heilt i yttergrensa lengst søraust då ein eller anna utkikk fekk auge på oss. På eit blunk var lyskastarane retta på oss, og ein identifiserings-prosess var i gong over VHF-sambandet. Av alle meiningslause tilstellningar trur eg den amerikanske marinebasen på Cuba tronar øvst. Heldigvis slapp me unna maskinvåpna deira som eg er sikker på var godt sikta inn.

Akkurat medan det var lyst glei me inn den lille opninga som leda til den store Baitiquiri-bukta. Så snart ankeret var planta sovna me. Og så snart me hadde sovna kom den cubanske Guardafrontera (kystvakta) og vekka oss. Det cubanske byråkratiet er tungt som eit gammalt lokomotiv, og alt må møysommelig registrerast av ein uniformert person. Guardafrontera har ikkje eigne båtar, så vakten måtte praia ein lokal open fiskebåt for å frakta seg ut til oss. Heldigvis skulle me få lov til å kvila ut i havna hans, men me måtte for all del ikkje gå på land. Då det var ei vakker bukt med grøne fjell på alle sider tok eg likevel med meg kamera og svømte i land litt seinare på dagen.

Neste natteetappe var begivenhetslaus, men blikkstille og vakker når me runda Punta Maisi som er austkappet på Cuba. Me ankom Baracoa i strålande solskinn på morgonkvisten. På ny kom Guardafrontera og vekka oss så snart me hadde bikka på puten. Her hadde dei robåt. Me var einaste seglbåt på havna, og det var tydeleg at det ikkje var så vanleg at det kom nokre heller. Dette har naturleg nok med at Baracoa er plassert aust på øya, og at havna ikkje er “Port of entry”. Dermed kan du ikkje komme direkte frå eit anna land som Bahamas eller Dom. Rep. Å komma til Baracoa frå vest er som regel motvind, og lite innbydande. Heldigvis skulle me få lov til å ligga her, men helst ikkje så lenge og helst skulle ein av oss alltid vera ombord. Det siste fann me fort ut at dei ikkje var så nøye med. Samme dag som me kom slo austaveret til for fullt, noko som forsterka godfølelsen av å ha forsert windward passage. Ankerplassen i Baracoa var prega av rulling, og me fann ut at det mest fornuftige var å gå på land. Dagane i Baracoa brukte me til å prata med andre turistar, til å ta ein guida uinteressant tur og til å ta ein interessant tur på eiga hand. Baracoa var den første hovudstaden på Cuba, og i følge enkelte den første staden Columbus hadde landkjenning på øya. Byen er prega av mykje vêr. Orkanen Matthew var også innom og gjorde livet surt for folket her i fjor haust. Baracoa var ein opplevelse, sjølv om det var i overkant mykje turistar og i overkant med mas frå folk som hadde ting og aktivitetar å tilby.   

Neste etappe var av det kortare slaget. Me hadde blitt tipsa om ei bukt som heite Taco-bukta. Det var ikkje fritt for nervar når me nærma oss innseglinga. Ei smal opning på ei lang nordaustlig vendt strand der bølgene som hadde bygd seg opp i dagesvis med kuling slo innover stranda. Godt utanfor opninga fekk me sikta oss inn og for motor og storsegl gjekk det greit. For ei fantastisk bukt! Ein stor lagune opna seg for oss, med frodige grønne fjellsider og så godt som null bebyggelse. Ingen guardafrontera å sjå. Me kom oss snart på land, og fann ut at bukta var del av Alexander Humboldt-parken. Nasjonalparken med det rikaste dyre-og plante mangfaldet på Cuba. Her var dei i mindre grad vant med turistar, og me vart invitert inn på kaffi av eit eldre par. På trass av ekstremt enkle levevilkår og eit tydeleg hardt liv bak seg vart me nok ein gong overraska over takknemmelegheta folk har ovanfor Castro-regimet. Slik me ser det har Cuba blitt vanstyrt fullstendig heilt sidan revolusjonen, men det er tydeleg at dei lokale har eit anna syn på saka her. Eg skal ikkje gå meir inn på temaet her, sjølv om det kunne blitt drøfta i det vide og breide.

Den neste dagen gjekk me tidleg i land. Me skulle ha oss ein guida tur i nasjonalparken. Indio var guiden vår, og det utarta seg til ein fantastisk dag. Indio er eit naturmenneske av dei sjeldne, og me fekk innblikk i verdenen hans. Han kommuniserte med fuglane, mata reptilane og lærte oss diverse lokale skogsknep. Alexander Humboldt-parken er også heim for verdens minste frosk. Me fekk også eit etterlengta bad i ferskvatn.

Etter endt tur vart me einig om å eta middag med Indio og familien hans seinare på kvelden. Litt før det vart mørkt satt me oss i dinghyen for å ro i land igjen. Fort såg me at det stod nokre uniformkledde karar inne på land, og ana fort uråd. Guardafrontera kunne opplysa oss om at her var det strengt forbudt å opphalda seg med seglbåt, og at me fekk sjå til å komma oss avgarde med ein gong. At me skulle gjennom ein smal passasje og ut i eit ope atlanterhav i kveldsskumringa såg ikkje ut til å bry dei all verden. Heldigvis for vår del hadde me allerede vurdert å gå den kvelden, og visste at vêrmeldingane ikkje var fullstendig gale. Natteseilas ville også medføra ankomst i dagslys, så det gjekk greit. Me fekk levert nokre gåver til Indio og folka me var blitt kjend med og rodde det me var god for ut igjen for å gjera båten klar. Det er ein kjip følelse å måtta forlata ein så vakker plass på ein sånn måte.

No hadde me fått nok av å operera i gråsona av eit uklart regelverk, så no bestemte me oss for å gå rett til marinaen i Puerta Vita, som også er godkjent Port of entry og dermed også port of departure. Me hadde god vind dei første 60Nm, men dei siste 30 måtte motoren i gang igjen. Ankomsten i Puerta Vita gjekk smertefritt. Me fekk fortøyd til eit heilt skjerma kaianlegg etter å ha gått inn eit kanalsystem gjennom mangrovene. Nærmaste nabo viste seg å vere ein 45fots svensk-eigd Hallberg-Rassy, med John frå Måløy som mannskap. Det vart nokre rolege dagar i Puerta Vita. Nordausten herja, og det råda ein del uvisshet om forholda for å segle nord til Bahamas. Canadiske “Te Amor” med Cam og Jan ombord skulle samme veg som oss. Laurdagen tok me alikevel pick-upbuss til Holguin som er Cubas tredje (eller fjerde) største by. Her tok me inn på ein casa, og tok oss ein kveld på byn. Ganske tilfeldig havna me på ein skikkelig laurdagscabaret. Her var det liveshow med musikk og dans, og salsaen og reaggetonen tok heilt av etterkvart som det røyna på.

Tirsdagen var tida inne for å prøva oss på overfarten til Bahamas. Vêrmeldingane kunne fortella om vind opp i 25 knop frå aust, og sjølv om dette normalt sett er i grenseland overgjekk iveren etter å komma oss avgårde fornuften. Tidleg om morgonen fekk Te Amor først besøk av havnekapteinen før det var vår tur. Havnekapteinen gjorde det klart at så snart han stempla passa våre gjekk dei kostbare visuma våre ut, og me ville ikkje få lov til å komme inn igjen i havna utan å betale for nye visum og innklarering. Ein halvtime etter Te Amor, kasta me laust og satte kursen ut av marinaen. Me hadde lyst å få opp storseglet i rolige forhold inne i kanalen. Det eg ikkje visste var kor grunt det var i kanalens ytterkant, og ifm. heising av segl var 5 sekund utan fokus på styringa nok til å planta oss godt oppå ei grunna av seig mud. Etter ein times tid med intense forsøk på å få oss ut av gjørma på fjærande sjø var det berre å gje opp og innstilla seg på å venta på flo. Klokka var rundt 06.40 når me gjekk på, og lavvatn var klokka 10. Etterkvart kom Te Amor inn igjen etter å ha snudd pga. stygge forhold. Fadesen var komplett. Måsen låg seg meir og meir over på sida medan eg følte meg dummare og dummare. Guardafrontera og marinaen ville ikkje svara oss på sambandet, då me offisielt hadde klarert ut. Tidevannsforskjellen var ikkje på meir enn vel 40cm, så eg var noko nervøs om me i det heile tatt ville komma oss laus på flo. Medan me vente planta eg to store anker bak oss. Med eit anker på kvar av vinsjane i cockpit ville eg prøva å vinsja oss av etterkvart som vatnet steig. Om det ikkje gjekk måtte me ha eit anker på sida av båten også, og festa til storsegl-fallet i mastetoppen. Med det kunne me hella båten endå meir over på sida for å redusera djuptgåande. Klokka 1 på ettermiddagen kunne me til vår lettelse kjenna at vinden tok tak i oss og at båten flaut fritt igjen. Det var deilig å droppa ankeret ved sidan av Te Amor, og innsjå at på trass av ein fullstendig fadese av ein dag var det berre stoltheta som hadde tatt skade.

Havnekapteinen var grei og lot oss ligga ankra i påvente av bedre forhold uten å betala for nye visum. Te Amor hadde rom og øl, og humøret steig. Den neste dagen blas det fortsatt friskt, og utfordringa gjekk ut på å skaffa pålitelege vermeldingar. Det viste seg etterkvart at det den påfølgande dagen skulle bli antydning til litt roligare forhold, men samme Aust-nordaust retning, før det atter vart verre igjen. Eit straumsystem som er tilknytta golf-straumen renn også vestover på nordsida av Cuba, så me frykta det vart eit tøft kryss opp til Bahamas. Derfor sikra me oss med all nødvendig informasjon om Florida også. I verste fall ville me falla av og segla vestover direkte til Florida. Tidleg neste morgon heiv me anker, og etter ei meir vellukka navigering ut kanalen var me atter i ope farvatn. Ganske snart fekk me satt kursen og kobla inn vindroret. Og det gjekk som ein draum. Vinden var nok meir eller mindre heilt austleg og straumen prega oss ikkje så mykje, så me fekk ein fin seilas med 5 knops snittfart og ingen bauting. Me ankom Ragged Island sør på Bahamas rundt 23.30 på kvelden, nokre timar etter Te Amor, som me seinare fann ut at hadde motorsegla heile vegen.

Neste morgon plukka Te Amor oss opp med dinghyen sin, og me tok oss ein tur på land. På Ragged Island er det ikkje mykje. Stort sett berre eit forblåst øysamfunn der dei bergar seg på fisk og nokre husdyr. Ragged Island minna meg mest om Fedje. Heldigvis for oss hadde dei internett, så me fekk lasta ned vermeldingar og sjekka mailen. Deretter var det tilbake til båten og få ombord ankeret. Nordover frå Ragged Island strekk det seg ei kjede med cays som heiter Jumentos. Dette er Bahamas sin siste skikkelige utpost. Bortsett frå eit samvirkelag på Ragged Island er det ingenting å få tak i. Derimot er det ufattelig vakkert! Denne dagen fekk me vårt første bekjentskap med segling i grunt vatn. Det er spesielt å segla gjennom krystallklart vatn og kunna sjå bunnen heilt tydelig berre ein meter under kjølen. Eg har slitt med motivasjonen for fiske sidan me kom til Karibien med Måsen, pga svært lite hell. Men Bahamas er kjend for bra fiske, så det var på tide med eit nytt forsøk. Det tok ikkje lang tid før ein fin 4kgs barracuda var på kroken. Det er ikkje kjend som den beste matfisken, men me filiterte den og har iallefall ete mesteparten.

Dei neste dagane hoppa me oppover øyene. Først Buenavisa Cay, deretter Flamingo Cay og Water Cay. Draumesegling. Kanskje den beste eg har vore ute for. Ankringsplassane like så. Te Amor skulle vidare til Long Island, medan me ville gå til George Town. Ein snarveg til George Town går via grunne Hog Cay Cut. Her er det 0,8m djupt på lavvatn, og kuttet er kjend som ganske nervepirrande. Eg har tatt Måsen gjennom Kvalvågstraumen (for dei frå Austrheim som er lokalkjend), så sånne advarslar bit ikkje så lett på meg. Sveitsiske Gerald og kåno skulle samme veg, så meg segla i lag med dei frå Water Cay og sørga for å gå gjennom kuttet på full flo. Ekkoloddet viste 1,7m, så med ein halvmeter margin var det ikkje noko problem. George Town bydde oss på innklarering, proviantering, internet, vannfylling og prat med andre seglarar. Ellers var ankerplassen dårlig. Vermeldinga meldte om nye kaldfrontar, så den neste dagen benytta me oss av ein sørvestlig bris og fekk gjort unna 55Nm oppover Exuma-kjeden. Igjen fantastisk segling! Seint på kvelden låg me oss inn i ei vestvendt bukt. Me trudde vinden skulle dreia på nordlig før kaldfronten slo til, men der tok me feil. Midt på natta var det som ein brytar vart slått på, og kaldfronten slo til frå nordvest. Store sjøar hamra inn bukta og så snart morgonsola kom fram var dei fleste båtanne snar med å komma seg vekk. Me gjekk sør igjen og fekk lagt oss til i den bedre skjerma nabohavna Little Bay. Neste dag tok me ein kort etappe. Først låg me oss til i Big Major Spot for å besøka dei berømte svømmande grisane der. Deretter gjekk me til Staniel Cay like ved. Dette er ein meir hipp plass med luksusyatchar og fancy yatch-club. Sjølv om verken me eller Måsen er særlig hippe var det ein stilig ankringsplass og me spanderte no på oss ei 10 dollar pils på yatch-cluben.

I dag fekk me tidleg ombord ankeret og satte kursen vidare nordover. Håpet var å ta igjen Gerold som me trur er på Highbourne Cay. Grunnen til at eg skriv trur, er fordi me fortsatt ikkje veit. Det vart stamping og skarp kryss i økande vindstyrke og tilslutt orka me ikkje meir og bauta oss inn til Shroud Cay. Etterpå kunne me underhalda oss sjølv med å lytta til kanal 16 der det var to redningsaksjonar som pågjekk samtidig. Bahamas er litt som norskekysten på sommartid. Det er mykje godværsseglarar her som kun segler på dagtid og nettopp i godvær. Dei undervurderer forholda og segler med for mykje segl, eller legg ut i dårlig ver. Det var nok fleire som vart overrumpla i dag.

Bahamas er ei perle for segling. Det er dyrt og det er veldig mykje båtar og amerikanarar. Men reiser du her og har med alt du treng og i tillegg liker fridykking, fisking e.l. er dette paradiset. Her må ein sysselsette seg sjølv, og berge seg sjølv. Det er ikkje dekka bord med uteliv og aktiviteter, men det er ein unik geografi og natur her. I tillegg er klimaet herleg, og kaldfrontane gjer berre det heile litt meir interessant. Bahamas kan anbefalast for dei som seglar! Ein resortferie der ein er fastlåst på ei øy trur eg derimot blir kjedelig.

I morgon skal me sjå om me klarer å segle til Nassau. Blir det vanskelig må me rekne med å bli i Exumas minst til tirsdag. Ellers jobber me oss i retning Florida. Det er ikkje lenger realistisk å tru at me skal komme oss lenger nordover austkysten i USA. Spesielt ikkje med den vinteren dei har der i år. Men me har eit håp om å komma oss så langt nord som Jacksonville i Florida, då det er den billigaste plassen å lagra båten i heile staten (kanskje langs heile kysten). Eg har billett heim frå Orlando 6 april.

Så det var ei lita oppdatering. Alt vel her. Over and out.

Etterord: Me kom oss til til Nassau den påfølgande dagen. Altså i går. Her har me funnet ein fin ankringsplass sentralt i byen. I går kveld var me på land og tilfeldig traff gjengen frå den norske båten Solskinn. Dei er ikkje mindre enn 11 personar ombord og er på ein 1-års tur over Atlanteren og tilbake. Sjekk ut: https://www.solskinnsgutta.no/. I dag tar me det med ro og i morgon fortsetter ferda mot The Berry Islands. Her er forresten eit nokså udetaljert, men enkelt og greit oversiktskart over siste vekers seilas:

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s