S/Y Måsen

Måsen var Ådne si stolte skuta frå hausten 2011 til sommaren 2019. I perioden 2014 til 2017 i delt eigarskap med Ruben. Ho er ein Hallberg Rassy Monsun bygd i 1974 med byggenummer 50. Ein 31 fots solid bygd havseglar med vakre linjer og gode egenskapar som me vart veldig glad i!
Ei lita oppsummering av våre reiser med Måsen:

Oktober – november 2011: Oslo til Austrheim

Februar – September 2012: T/R Austrheim – Lofoten i etappar.

Sommarsesongen 2013: T/R Austrheim – Ålesund

Mai 2014 – Januar 2015: Austrheim til Chaguaramas, Trinidad og Tobago.

Januar 2017 – April 2017: Chaguaramas – Green Cove Springs, Florida.

Mai 2018 – September 2018: Green Cove Springs – Ålesund.

I juni 2019 vart Måsen med tungt hjerte solgt i Ålesund.

All info om Måsen og turen frå Norge til Trinidad i 2014 finn du her: http://symaasen.wordpress.com

DCIM100MEDIADJI_0064.JPG