Eg står framfor ei utfordring. Å beskriva dei siste vekena på ein enkel og kortfatta måte blir ikkje lett. Det har seg sånn at på denne seglturen glir alle hendelsar inn i kvarandre på ein måte. Kvar ein plass me opplever blir satt i samanheng med den førre og den neste, sidan sjølve seilasane som knytter plassane i saman også blir intense opplevelsar. Søvn blir oppstykka og periodevis, og det heile følast som ein lang samanhengande dag proppfull av inntrykk du kun har tid til å fordøya under fulle segl på ei nattevakt med ein milliard stjerner som selskap. Det heile blir intenst, magisk og varande.
Sidan me forlot opplagshavna på Trinidad 26 januar har me segla vel 1200 nautiske mil, eller 2222 kilometer. Først til Grenada kvar me berre var i to døgn og kjøpte oss jolle med påhengs. Deretter segla me 4 dagar med passatvinden i ryggen vestover til Bonaire. Der skreiv me blogg. Og derifrå må dermed denne forteljinga begynne.
Bonaire er ein tidlegare hollandsk koloni, og er i dag ein smeltedigel av folk av afrikansk, venezuelsk og europeisk avstamning. Det er ei flat koralløy, mest kjend for fantastisk dykking i krystallklart vatn, saltproduksjon, flamingoar, ro og velbehag. Bonaire er den mest stille og rolege av dei ABC-øyene (Aruba, Bonaire og Curacao). Den 6 februar feira me 29års-dagen til Sophie med scootertur rundt heile øya. Ein deilig dag!
Dagen etter satt me kursen for naboøya Curacao. Ein liten dagsseilas unna. På Bonaire hadde me fått tid til å slappa litt av, fiksa litt på båten osv. No skulle me plukka opp nytt mannskap og gjera oss klar for ein ny lang etappe. Seilasen til Curacao gjekk først som ein draum. Me lensa avgårde for fullt storsegl i sju knop, og sjølve overfarten mellom øyene var gjort på nokre timar. På sørvestsida av Curacao skulle me inn i Spanish Water, som er ein slags lagune inne på øya med berre ei trong innsegling. På overfarten hadde me skjøtet på bommen heilt ute, og bommen var låst fast med eit tau til baugen, for å hindra ufrivillig jibb. Dvs at vinden får tak i seglet på feil side, og smell over på andre sida med full kraft. No skulle me gjennomføra ein frivillig jibb, og eg gjekk fram på baugen for å løsna tauet som sikra bommen, medan vindroret haldt kursen. Akkurat når eg hadde fått løsna tauet og var på veg tilbake til cockpit kom ei bølgje og tok oss ut av kurs. Bommen kom fykande med eit tonns kraft. Sophie satt i cockpiten, og ungjekk bommen. Men sjakkelen som holdt sjøtet rauk tvert, og skrapa Sophie opp på haka og halsen. Det første seriøse avviket på seglturen var eit faktum. Ein rein menneskeleg feil, begått av kapteinen sjølv. Eg skulle naturlegvis endra kursen høgare opp mot vinden før eg løsna tauet på baugen. Det kunne gått mykje verre enn nokre skrubbsår.
Heldigvis var det kort veg inn i smulare farvatn i Spanish Water og det var godt å ankra opp og drøfta hendelsen etterpå. Me fann ankringsplass rett ved sidan av legendariske «Northern Light». Den tidlegare svenske polarskuta er viden kjend gjennom bøker om seilasane til Rolf Bjelke til Arktis, Antarktis osv. No er den eigd av ein hollandsk småbarnsfamilie.
Seinare på dagen ankom Dan, ein kompis eg har blitt kjent med i Guatemala. Nordsjøarbeidar og slogstril frå Fonnes. Den neste dagen klarerte me båten både inn og ut på Curacao. Desse formalitetane er ekstremt kjedelige og tidskrevande. Spesielt på Curacao, sidan me måtte til hovudstaden Willemstadt for å gjere det, og fordi immigration og custom var på separarte kontor langt frå kvarandre. Det er påkrevd, men ofte blir fristelsen til å snike seg unna for stor. Denne gongen hadde me ikkje noko valg, sidan me måtte få vårt nye mannskap offisielt med oss ut av landet.
Curacao er ei interessant øy, men fokuset vårt var på å komma oss vidare. Passatvinden stod på med kuling styrke dagane våre på øya, og det frista ikkje å legge avgårde under slike forhold. Fredagen forlot me alikevel Spanish Water. Skadane frå uhellet vårt var reparert, me hadde proviantert skikkelig og lasta ned ferske værmeldingar. Spanish Water er absolutt ein praktisk plass, men ikkje så veldig sjarmerande så me bestemte oss for å avventa mildare vindforhold på ei strand lenger nord på øya. I angrepsposisjon for å seilas nordvestover mot Haiti. Playa Santa Cruz viste seg å bli ein solid opplevelse. I tillegg til å vere einaste båt i naturskjønne omgivelsar med korallklipper og ei vakker strand vart me kjend med Captain Goodlife. Ein lokal galning som driv resturant, kajakkutleige og partybåt-turar frå sitt eige hus ved stranda. Han hjalp oss med endå ein provianteringstur, endå litt meir vannfylling, nydelig takeaway-pizza (noko som følast som ein sensasjon når ein ligg ankra opp som einaste båt på ei ekstremt remote strand) og drone-bilder av Måsen.
Mandagen skulle passatvinden begynne å roa seg ned, for sakte å dø meir eller mindre ut for ein periode. Dermed bestemte me oss for å dra søndagsmorgon for å få ein flying start på overfarten og for å unngå å mista vinden heilt dei siste dagane. Overfarten frå Curacao til Ile a Vache på Haiti var kanskje den beste seglopplevelsen eg har hatt. Den første dagen var det stormseilas med to rev i storseglet, og berre ei flik av genoaen rulla ut. 7 knop rett mot destinasjonen. Dag 2 var det draumeseilas med full seglføring og 5-6 knop på eit nesten flatt hav. Dag 3 var det lite vind, men tilstrekkelig til å sørge for grei framdrift. Dag 4 var ankomstens dag, og berre dei siste timane måtte me køyre motor for å sikra ankomst før det blei mørkt. Det naturlege høgdepunktet på denne overfarten var nok den fantastiske dag 2, men det var eit par ekstreordinære hendelsar i tillegg. Den første natta i sjøen såg me plutseleg ei gul lanterne på babordside. Den blei meir og meir tydeleg på veldig kort tid, og spenninga begynte å stiga om bord. AISen kunne informera om eit stort fartøy i høg fart på kryssande kurs. Etter kvart kunne me høyra motordur, og sjå at det var to gule lanterner nesten overett og ei grøn styrbordslanterna. Ingen respons på kanal 16. Tilslutt var det berre å kasta seg over roret, og vrenga til babord. Å få ein supertankar i fullt driv på 150meters avstand mitt på svartaste natta var ein opplevelse eg seint vil gløyma.
Den siste natta i sjøen var det meir mystiske ting på gang. Me låg og duppa i 2 knop utan noko særleg vind då det plutseleg kom eit stort fartøy opp bak oss. Det såg ut til at dei skulle passera og at alt skulle gå fint, men plutseleg begynte dei å sakka på for å tørna 180 grader og komma med sida mot hekken vår. Det virka som dei bevegde seg sidelengs mot oss. Til slutt når dei var faretruande nærme fekk eg kontakt på VHF, og spurte kva i svarten dei holdt på med. Etter å ha oppgitt posisjonen vår og gjort det tydeleg at me befant oss ei kabellengde eller maks to frå deira babordside, gjorde styrmannen deira det klart at «we are clear» og plutseleg seig dei vekk frå oss. Vår teori er at dei forveksla oss med ein kai, noko som er ganske fantastisk 100Nm frå land.
Ile a Vache er ei øy sør på Haiti. Port Morgan var frihavna til nettopp sjørøvaren Henry Morgan, og er ei sensasjonelt bra naturhavn. Denne plassen er utanfor allfarsveg i Karibien. Det har med å gjere at Haiti er eit av verdens mest herja og lutfattige land. Landets økonomi er på bånn, og kraftige orkanar har for vane å bryte ned alt som har blitt bygd opp. Som eit resultat av dette er det naturleg nok folk som i desperasjonen tyr til kriminalitet, og tilreisande føler seg nok ofte uttrygg. Ile a Vache er ei relativt lita øy, og i seglarmiljøet er det kjent som ein trygg plass då øybuarane har innsett at seglarar ofte har behov for tjenestar og kan tilføre litt kapital og håp til øya. Når me ankom øya kom det uttallige kanoar padlande mot oss. Alle var på jakt etter arbeid, gåver eller pengar. Det tok nokre timar før me fekk gjort det klart at me ikkje trengte noko. I alle fall ikkje den dagen. Me hyra alikevel inn Ens til å guide oss til markedet på øya den neste dagen.
Det er vanskeleg å beskriva korleis det følast å sette beina på denne øya. Det var ein følelse av å komma ein plass der klokka stoppa for veldig veldig lenge sidan. Øya har ikkje vegar, men stiar. Nokre motorsyklar er det som humpar seg rundt, men hovedsakelig rir folk på esel eller spinkle hestar. Her bar folk rundt på høns og geit dei skulle selje eller hadde kjøpt på markedet. I ei grøft stod det ein familie og slakta ein svær gris. Ei anna dame kom leiande på eit esel, sadla opp med nokre vesker. I den eine veska låg det ein gris og hylte. Markedet på Ile a Vache foregår to gonger i veka, og er mest som ei forsamling av folk ved sjøkanten. Heilt inne på stranda ligg det mange titalls trebåtar ankra opp. På Haiti har dei ikkje motorbåtar. Her segler dei til og frå markedet. I utkanten av markedet på land står det ikkje motoriserte køyretøy parkert. Det står ein bråte esel med provisoriske typar seletøy. Utvalget på markedet var simpelt, og det er forståeleg av folk er svoltne på Haiti.
Haiti var ein fransk koloni, men slavane gjorde opprør og Haiti fekk si friheit fra kolonimakta som første nasjon i Karibien på slutten av 1700 talet. I dag er 95% av befolkninga i landet av direkte avstamming av vestafrikanske slavar. Dei er heilt mørk i huda, og pratar kreolsk og fransk. Det er veldig mykje interessant historie i dette landet, og mykje kan og burde kanskje skrivast, men det går ikkje akkurat no.
Like ved markedet på Ile a Vache har ei fransk-kanadisk nonne drevet barneheim sidan slutten av 60-talet. Det er drevet på donasjonar, og det blir naturlegvis verdsatt at tilreisande kjem innom på besøk og støtter opp. Hovudfokuset er på handikappa barn, sidan dei ligg dårleg an i dette landet. Nyfødde barn med funksjonshemmingar blir ofte plassert på gata eller i ei grøft for å døy. Dei som er heldige blir redda og tatt til Ile a Vache og barneheimen til Søster Flora, som nonna heiter. Det var ein rystande opplevelse å komma hit og møta desse barna. Etter dei hadde ete lunsj hjalp me til å trille nokre av dei i rullestolar ut for å få luft. Sophie oppdaga plutseleg at ein av dei unge guttane i ein rullestol ikkje såg bra ut. Augene hans såg livlause ut, og han hadde ikkje puls. To franske frivillige arbeidarar registrerte at det var noko som ikkje stemte, og tok han fort frå rullestolen og sprang med han til kontoret til Søster Flora. Etter ei stund fekk me beskjed om at dei hadde prøvd å gjenopplive han, utan å lukkast. Livet er skjørt på Haiti.
Dei neste dagane brukte me til å utforska området rundt Port Morgan, til å snakka med dei lokale og til å prata med andre seglarar. Me tok oss også ein tur til Les Cayes på fastlandet, som er landets tredje største by. Det var som å komme til ei krigssone. Det var søppel over alt. Utbrente bilar i gatene. Politibilar frå UN for United Nations køyrde rundt. Det er då du forstår kor godt me har det i Norge.
Me måtte bruke fantasien for å finna på arbeid til nokre av guttane i Port Morgan. Ens vaska båten vår, Nixon guida oss i Les Cayes, andre fekk vaske kleda våre, skaffe vatn, kokosnøtter, mango osv. Ein kan hjelpe nokre, men ikkje alle. Hjelpelausheita smittar over på oss, og ein får ein sterk følelse av kor urettferdig livet kan vere på Haiti. Likevel er folk smilande og blide. Den kreolske kulturen er full av liv, og folk dansar og føler glede over småting. Haiti var ein sterk og fantastisk opplevelse!
Søndag morgon drog me vidare. Kursen var satt for Cuba! Kystnær segling er ofte utfordrande, og det blei ein del motorkjøring og skiftande vind. Ved vestenden av «fastlandet» fekk me ei forferdelig regnbyge på oss. Alle sluser stod på vidt gap, og kvelden var den svartaste eg har opplevd. Etter kvart som me kom ut i den forgjette Windward Passage, som passasjen mellom Cuba og Haiti er kjend som fekk me den sedvanlege nordavinden, og natt til måndag vart det nokre timar med god segling. Skipstrafikken gjorde det heile litt meir spennande, heldigvis utan at det vart for mykje av det gode. Utover morgonkvisten døydde vinden heilt ut, stikk i strid med værmeldingane. Straumen trua med å senda oss til Jamaica, så me hadde ikkje noko anna val enn å spenna opp jernseglet. Volvo Pentaen tok oss dei siste 70 mila til Santiago utan eit feilslag. Dei siste timane fekk den dog jobba hardt, då motvind og medstraum i lag skapa fullstendig ragnarokk. Det er bittert å stanga mot sjøen rett utanfor innseglinga utan å bevega seg med meir enn 1-2 knop. Klokka 4 natt til tysdag kunne me endeleg kalla opp «Guarda Frontera», og melda vår ankomst. Havnebetjenten instruerte oss på meteren kvar me skulle droppa dreggen, og tilslutt kunne me stupa til køys.
Nokre timar seinare kom det ei doktrine om bord, og forhøyrde oss om helsetilstand osv. Ho inspiserte også beholdninga av proviant om bord. Etter at ho gjekk god for oss kunne me gå til kais. Me har høyrd mykje rart om byråkratiet på Cuba, men alt i alt gjekk det heile veldig smertefritt for oss. Immigration og custom var gjort i ei fei, og dei som skulle inspisera båten tok det ikkje så nøye. Dessverre var det ikkje gratis, og heile gildet med visum for båt og mannskap kom på 325 dollar.
Heilt sidan Curacao har eg hatt problem med eine øyret. Voks og skit har tetta igjen ting, og det er irriterande å ikkje høyra skikkelig. Eg har hatt same problem før, og veit at det er ei smal sak å få spylt ut skiten om ein har utstyret til det. Cuba er kjend for å ha fleire legar enn heile det afrikanske kontinent tilsaman, så eg tenkte at det skulle bli ei smal sak å få ordna opp i dette. Legane på det internasjonale legesenteret i Santiago var hyggelege, og gjorde så godt dei kunne. Men det einaste dei lukkast med var å tette igjen kanalen fullstendig. Redskapen bar preg av å vere av sovjetisk opprinnelse, og ikkje av moderne dato. Heldegvis hadde apoteket nokre dråpar som har begynt å løyse litt opp i ting no.
Etter legevisitten fortsatte ferden ut på byn. Her som på Haiti har tida stoppa opp ein gong for lenge sidan. Bil og motorsykkelparken er gammal og råstilig! Stilen på bygg og interiør likeså. Folk er i godt humør og musikken og rytmane er fantastiske! Eg har faktisk ikkje tid til å skriva meir om det no, fordi me rett og slett må ut å ta del i sirkuset! Marinaen her ligg eit stykke utanfor bykjernen og Dan har sjekka inn på ein casa midt i byen. I kveld skal me også overnatta på hotellet, og forhåpentlegvis bruka heile dagen i morgon på å cruisa rundt i ein gammal amerikanar og utforska! Dan skal mønstra av her, og meg og Sophie skal runda østkappet på Cuba og sjekka ut nokre havner på nordsida av Cuba før me sett kursen for Bahamas. Tidsskjemaet er dessverre tight, og det er ikkje meir enn halvannan månad til båten må vera parkert i USA og eg på arbeid i Norge.
Men samma det! No er me på Cuba!
Well done the crew ! I got the gist of your blog by way of a Google translation, but it isn’t very good and I have to guess some parts. Sounds like a great adventure ! You are REAL tourists having a WELL-EARNED experience, it would be so easy just to fly in. Big risks too, what with the poverty/associated crime in Haiti which must have made you feel insecure ; and nearly getting run down at night by the supertanker (do you not have AIS — I find it invaluable). Wintry weather here today in Scotland, but the winter has been very “open” since the autumn. Margaret and I are off tomorrow with the girls + baby granddaughter + Shetland friends for a week’s skiing in the Italian Alps. Until today the hills in Scotland are almost bare of snow. We look forward to your next instalment !
LikeLike
Yes, we should have an AIS transmitter. No doubt about that! And thank you! Enjoy the alps!
LikeLike