For vel eit år sidan kjøpte me altså denne eigedomen her ved Lake Atitlan i Guatemala. Avgjerelsen vart tatt rett etter mitt andre besøk her, då eg vart kjend med at huset var for sal. Det er ei kjend «sjuka» som rammar nordmenn som kjem ned her. Denne plutselege trangen til å kjøpa seg land her. Det slår ikkje feil. Alle nordmenn som kjem på besøk her begynner i det minste å snakka om at det hadde vore fint å eigd ein plass her. Eg vart ramma hardt av «sjuko» første gong eg kom her, og endte opp med å kjøpa eit stykke land. Andre gongen eg var her endte eg opp med å bestemma meg for å kjøpa eit hus, og tredje gongen vart handelen gjennomført. Det fjerde besøket pågår no.
Så for eit år sidan overtok eg huset. Medan eg var her den gongen begynte eg å planlegga kva som måtte skje med det. Eg hadde store planar. Huset hadde ein grunnstruktur som var nokså storslått, men ikkje gjennomført. Med fire soverom med kvar sine bad, og store uteareal låg alt til rette. Sjølve grunnplanet for konstruksjonen var på ca 180m2, med vel 60 av desse som uteareal utan overbygg. I andre etasje var det kun to frittståande soverom med bad, og tilrettelagt for avløp og vatn til kjøkken.
Det eg veit er at eg likar å vere ute, men ikkje i solsteiken. Lake Atitlan er prisgitt eit fantastisk klima, så det nyttar ikkje å tenke at alt bu-areal skal vera husa inne slik som heima. Her er det heilt vanleg med opne løysningar, og det er mange som faktisk talt har stova si utandørs. Dermed var stikkorda klare. Uteareal og skygge. Det eg ville gjera var å dra ut ein stor balkong frå andre etasje, som tak over det store utearealet på grunnplan. Dernest ville eg dra ut heile takplata over den nye balkongen i andre etasje, samt over resten av utearealet på grunnplan. Det ville innebere massive søyler, og gje huset eit så storslått uttrykk at det ikkje liknar noko.
Det er ikkje til å legga skjul på at ein del inspirasjon er henta frå tidlige Miami-villaer. Scarface er ein av favorittfilmane mine, og Tony Montana er badass. Utan at eg driv med trafficing eller likar kokain, likar eg tanken på å spankulera rundt på ein massiv balkong oversjåande verdens vakraste innsjø og faktisk talt føla meg som ein konge. Med ein fasade prega av høge søyler og ein location i ein vakker grøn dal med ein stor hage får bygget eit storslått uttrykk, og det var dette uttrykket eg ønska å maksimalisera.
I januar begynte karane å jobba. Eg hadde skissert opp nokre enkle skisser dei kunne gå ut frå, og hadde kontakt med Kenneth som styrte prosjektet for meg her nede. Først var det grunnarbeidet som måtte gjerast, og armeringa måtte gå djupt og grunnmuren forsterkast. Deretter begynte dei å binda jern for den nye balkongen i andre etasje, og mura opp veggen mot naboen på grunnplan. Dei fekk støypt plata i andre etasje, og deretter var jernbinding for den gigantiske nye takplata. Her vart taket heva 15cm. På framsida av andre etasje vart det laga ein karnapp og lagt opp for store vindauge og ein bardisk. I tillegg vart det lagt opp eit sammensurium utan like av trekkrør og innfelling av spotlights. I mai var det klart for støyping, ein operasjon som krevde ein 15 mann. Utover sommarmånedane gjekk det eit par mann her og pussa mur og kosa seg. Dei siste månedane før me kom satt dei opp småsøyler som «rekkverk» rundt heile terrassen på andre etasje. Dei støypte kjøkkenbenk, og flytta soveromsdøra som tidligare var der me har bygd kjøkken no. Dei fekk satt inn nye vindauge på begge soveromma for å få meir lys og betre ventilasjon.
Dette er ekstremt kort fortald kva som skjedde frå januar til og med september i år. Eg kunne også tatt med at alt materialet har blitt transportert frå nærmaste tettstad Panajachel i båt, og båret eit solid stykke på ein dårlig sti opp i dalen her. Det er eit voldsomt stykke arbeid som har blitt gjennomført.
Etter me kom har me i all hovudsak kosa oss med finisharbeidet. Me har fått lagt litt fliser, mala, satt inn lys, satt inn vindauge, fått laga kjøkken, kjøpt diverse og brukt mykje pengar. Men det siste punktet der er også relativt. Me følar at me har fått igjen for det me har lagt i.
Når det gjeld husbygging her versus husbygging i andre land er det både fordelar og ulemper. Det som forenklar ting er klimaet. Her kan ein bygga enkelt i blokkstein utan isolasjon eller liknande. Ein kan ha opne løysningar med enkle vindauge. Det er lite reguleringar og lovar og normar, og så lenge ein har fått innvilga eit byggeløyve kan ein i grunn gjera som ein vil. Det som er viktig er tilstrekkelig med armering. Det er jordskjelv regelmessig, og i ein slik dal som her må ein til ei viss grad forholde seg til risikoen for at det kan komme tunge ting i stor fart ned skråningane på ein særs dårleg dag. I nabolaget har vatn, stein og jord forårsaka skadar for store summar berre dei siste 15 åra. Heldigvis har utbetringar blitt gjort. Bl.a. er det satt opp ein stor mur bakerst på eigedomen vår, i tillegg til at naboen bak oss satt opp tilsvarande store murar.
Når det gjeld pris her ift. i Norge har forskjellane jevna seg veldig ut dei siste åra. Ei ekstremt svak krone gjer det mykje meir kostbart å bygge no, enn for berre nokre år sidan. Det som gjer det rimeligare å bygge her er nok først og fremst arbeidskraft. Materiale er nok også noko billigare, dog ikkje så mykje som ein skulle tru. Det som har overraska oss negativt no i seinare tid er prisane på inventar, som er dyrare enn heima. Møblar, kvitevarar osv. har gjort store innhogg i budsjettet vårt dei siste månedane.
Ligg ut nokre bilete frå huset og spesielt andre etasje slik det er no. Me er ikkje heilt i mål med alt, og har endå ein månad på oss for å få huset shipshape for utleige. Men me nærmar oss.
Soverommet vårt i andre etasje ser egentlig ut som det gjorde, med unntak av vinduet ved sidan av skapet. Og den nye senga.
Uteområdet nede var tidlegare belagt med kvite fliser og utan tak.
Det har skjedd endringar:
Inne i første etasje er alt stort sett som det var:
Dei siste to vekene har me hatt besøk av foreldra mine, og i går reiste me til Flores, lenger nordaust i landet. Dette ligg i det som er kjend som lavlandet i Guatemala. Eit område som er prega av regnskog og varmt klima. Det var her Maya-indianarane holdt til i si storhetstid, og satt opp store tempel og hadde velutvikla system for tilbake til 3-4000 år sidan. Det me opplever her kjem med i neste blogginnlegg 🙂
Heisann:-) Så kjekt å se hvor fint dere har fått det og lese om prosessen bak. Det ser ut til å være et veldig frodig og vakker natur. Sikkert nydelig klima. Kos dere med fam og lykke til videre. Beste hilsen fra Trygveig
LikeLike