På tur i vulkanland

I forigårs kom me att frå kysten. Eit par dagars ferie frå ferien. Eg har hatt mitt livs lengste samanhengande avbrekk frå hav og kyst. Det varte i sju veker og var i grunn ikkje traumatisk i heile tatt. Det var berre ein ekstremt god følelse å sjå den evige horisonten igjen. Det er fint ved innsjøen og mange andre fordelar. Men når ein i eit lite underbevisst augeblink tar innsjøen for å vera sjøen følar ein seg med eit lurt.utsikt

Monterrico er det nærmaste ein kjem ein turistby langs stillehavskysten til Guatemala. Stillehavskysten består av ei nærmast sammenhengande lang svart strand. Rett innanfor ligg det store flate sumpområder. Det er i overkant varmt her, men med den jevne havbrisen går det fint.  På grunn av sumpane er det mykje mosquitos, noko som har gjort sitt til å bidra til ganske begrensa turisme. Utlendingar finn mykje meir interessante reisemål i innlandet av Guatemala, så det er mest guatemalarar som kjem hit på helgetur. Det er dog eit rikt utval med hotell, mange med egne basseng. Me valte ut Atelier del Mar som er drevet av ein frå Finland. Ganske enkelt, men med store basseng og A/C på romma var det heilt innafor. Alt i alt er det faktisk heilt konge med nokre dagars badeferie på stillehavskysten!dsc06545

DCIM100GOPROGOPR2271.

DCIM100GOPROGOPR2240.

DCIM100GOPROGOPR2314.

dsc06499dsc06510dsc06524

DCIM100GOPROGOPR2244.

DCIM100GOPROGOPR2265.

vlcsnap-2016-11-18-01h16m04s502

På veg til Monterrico brukte me det gamle ferjesystemet gjennom sumpen. Trur ikkje dei ferjene her hadde gått i gjennom norske klassekrav.dsc06472dsc_0794

DCIM100GOPROGOPR2217.

dsc06477

dsc06484

Den siste halvanna veka har me hatt besøk av Ingar og Emilie frå Leikanger. Eg kjenner Ingar frå studietida i Ålesund sjølv om me verken studerte samtidig eller på samme skule. No jobbe han på brønnbåt, noko som er ein bonus for meg sidan det medfører ein del snakk om båt og laks.
Den første dagen dei var her var me i San Juan med ein del representantar frå den norske kolonien ved Lake Atitlan. Her driv ein sveitsar ein nokså spesiell og fantastisk plass med nettopp vin og ost frå Guatemala. Ganske suverent!dsc06250dsc06249dsc06247

Sidan første gong eg var her har eg hatt lyst å bestiga Volcan Atitlan. Det er ein av vulkanane som ligg tvers over innsjøen frå landsbyen vår, og den største av dei(3535m). Det går all slags myter om den. At det er ekstremt vanskelig terreng. At ein blir robba. At ein treng minst to dagar på ei bestigning. Som fjellvant nordmann ser eg forbi sånne rykter. Når det blei spørsmål og kva tur me skulle ta var Ingar fort klar på at det måtte vera den mest utfordrande vulkanen. Så då blei det slik. Klokka tre mandagsmorgon forrige veka hadde me avtalt med Pedro Solis, som driv guiding, å bli plukka opp på kaien i Jaibalito. Å gå med guide er ikkje heilt min stil, men det funke ikkje på noko annan måte her. Det er kanskje berre ein sti til toppen av vulkanen, men i dei nedre skråningane kan det vere ein million blindvegar som leier til forskjellige mais-eller kaffifelt. Skiliting eksisterar ikkje. Ingen DNT her. Og det er praktisk då pakketur inkluderer båt og pick-up. Ein nokså spesiell følelse å settja seg i båten midt på svarte natta. Speilblank innsjø og supermoon. I aust kunne me tydelig sjå lava flomma ut av Volcan de Fuego. Nokså spektakulært.dsc06294

Me kryssa innsjøen til Santiago, og frå der var det 10 min. i pick-up opp til startpunktet. Det er noko med Santiago som gjer det kaldare der enn andre plassar. På dette punktet var det faktisk noko av det kaldaste eg har opplevd her ved laken. 10-12 grader maks. Litt over kl.4  begynte me å gå frå startpunktet på ca 1700moh. Etter to-timars gange begynte det å lysna samtidig som landskapet opna seg opp.dsc06303dsc06307dsc06316dsc06329

Dess lenger opp me kom, dess mindre vegetasjon og meir lavastein var det. Lufta vart òg merkbart tynnare. Alikavel haldt me høgt tempo, og den eine guiden sleit faktisk litt med å henga på.dsc06356

DCIM100GOPROGOPR2193.

DCIM100GOPROGOPR2190.

Det var eim befrielse å komma over toppkneika etter å ha gått heile morgonen på den kalde skyggesida av vulkanen. Her varma sola, i tillegg til at det dampa gloheit damp frå hol i bakken. Vulkan Atitlan var aktiv fram til rundt år 1800, og ber fortsatt preg av det i motsetning til nabovulkanane som er nedgrodd av vegetasjon og utan teikn til liv.dsc06433dsc06375dsc06406

Det mest spektakulære var uansett utsikten. Dei gongane eg har vore i Guatemala tidlegare har eg stort sett holdt meg i innlandet, utan å få den heilt store oversikten eller innsikten over landets eigentlige oppbyggning. Frå toppen av vulkanen kunne me sjå korleis det området rundt innsjøen som også kallast det highlands brått skråna nedover i retning kysten, og korleis det der nede er enorme landbruksområde. I motsatt retning er det store fjellområde med høge vulkanar. Eit fantastisk land.dsc06325dsc06442dsc06420dsc06384dsc06412

Nedturen frå vulkanen gjekk raskt og greit og 7t20min etter at me starta var med nede vede ved vegen att. Rekord og sensasjon er ord som har blitt nemnd.

DCIM100GOPROGOPR2201.

DCIM100GOPROGOPR2207.

Etter ein kjapp middag og båttur over laken var me tilbake att i huset. Både Ingar og spesielt meg hadde nok drukket for lite på turen. Det er fort gjort å gløyme å få i seg nok væske i høgden. Eg vart i allefall liggande resten av kvelden med feber og oppkast. Den neste dagen var det litt betre, men det hang faktisk i 5-6 dagar.

Så no er me tilbake i huset vårt. Det har skjedd mykje her den siste tida, samtidig som at enkelte ting har dratt ut i evigheta. Som kjøkkenet me bestilte med ein gong me kom ned her. Det skulle leverast og monterast ferdig for lengst, men ettersom dagane og vekene har gått har det berre balla på seg med utsettelsar. Men no er underskapa ferdig skrudd opp, og overskapa ligg klar sammanskrudd på golvet. Er me heldig kjem dei å skrur det opp i dag. Same møbelsnekkar som laga kjøkkenet har også pussa ned og malt opp spisebord med stolar samt to salongbord me fekk kjøpt brukt, og alt er på plass og ser strøkent ut. Den siste veka har me også fått levert dobbeltseng. Så det begynner å bli bra! Satsar på å få lagt ut litt bilete så snart kjøkkenet er oppe og andre etasjen er innflytta skikkeleg.

Elles er heile busituasjonen er oppe i lia prega av prosjektering. Begge naboane held på med sine individuelle prosjekt, og det er mykje hamring og boring og folk og fe her oppe. Men sånn er det, og me satsar på at alt begynner å bli ferdig fram mot jul. Neste veke får me besøk av foreldra mine og av Ivar, ein kompis. Ingar og Elisa må noko motvillig heim att til kvardagen. Me skal heldigvis ha kvardagen vår her i mange fleire veker!dsc06271

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s