Posta på FB 4 august 2018
Rapport frå Grønland.
Det er snart to veker sidan me ankom Qaqortoq. Sidan det har me holdt oss i Sørvest-Grønland og utforska nokre fjordsystem her i påvente av at Mads skulle fly inn og mønstra på 1 august, og Sophie reisa heim i dag 4 august. Etter to månedar med eit konstant fokus på framdrift med overfarten over Labradorhavet som klimaks var det rart å komma fram hit, og plutselig ha kjempegod tid. Det å dilla rundt i eit område er ein heilt anna sport enn å konstant bevega seg mot ein destinasjon langt vekke. Men det har gjort seg å få ta det litt med ro!



Grønland består av spredte småsamfunn plassert på holmar eller nes ved kysten, eller lenger inne i fjordane der dei driv diverse småbruk. Det er sjelden vegforbindelse mellom dei forskjellige bebygde strøka, så det er båt som blir brukt til alt av transport. Folk her er stort sett inuittar, men det er også ein del danskar som har slått seg ned. Noko av det beste med å komma hit var dei store matbutikkane med dansk utvalg, og ferske bakevarar.
I dag er det akkurat to veker sidan me ankom Qaqortoq etter overfarten frå Newfoundland. Qaqortoq er ein av dei større “byane” her, og her kunne me fråtsa i sivilisasjonens goder eit par dagar. Sidan me er tre ombord var det heilt ok med ei natt på hotell for å sikra litt privatliv både for meg og Sophie, og for kompisen ombord.

Etter tre netter vart det kjedeleg å ligga stille, så då satt me kursen inn i Hvalsø-fjorden. Her ligg Hvalsø-kyrkja som er den best bevarte ruinen fra den norrøne perioden på Grønland. Her i denne kyrkja er det dokumentert aktivitet heilt fram til slutten av 1400-talet, ikkje lenge før alle spor etter norrøne busetningar på Grønland sluttar.


For å ta litt historie vart Eirik Raude fødd rundt år 950 på Jæren. 10 år seinare vart faren lyst fredlaus i Norge pga. drap, så då flytta familien til Island. Rundt år 980 vart Eirik sjølv forvist frå Island etter at han bl.a utløyste skred over huset til naboen, og dermed tok livet av han. Han slo også i hjel eit par andre naboar. Han vart med det lyst fredlaus, og satte kurs for Grønland. Etter nokre år med utforskning segla han tilbake til Island, reklamerte for det grøne landet, og fekk i år 985 med seg 25 skip med folk og fe for å kolonisera Grønland. Eirik Raude slo seg ned i Austerbygda som er området me er i no, medan andre slo seg ned i Vesterbyda lenger nord på vestkysten. Eiriks son Leiv Erikson gjorde seg seinare endå meir berømt enn faren. I 500 til 600 år bestod denne norrøne kolonien, før den sporlaust forsvant. Om det skyldast kaldare klima, utmagring av skog/jord, dårlig fiskeri, konflikt med inuittane som kom frå nord eller anna kan ein berre spekulera i. Det samme gjeld kvar folket vart av. Trulig emigrerte nokre til Nord-Amerika kor dei blanda seg med indianarane og nokre drog tilbake til Island, Norge eller Europa.
Nok historie. Frå Hvalsø segla me lenger inn i Einarsfjorden til Igaliko. Denne dagen blas det friskt innover i fjorden og skyene hang ned over mastetoppen. Med 8 knop og spridde segl hylte me oss innover fjorden, medan dagens torskefangst vart filitert framme på dekk. Spørs om eg kjem til å føla meg meir som viking nokon gang seinare. I Igaliko låg vikingbygda Gardar ein gong. Dette er ei vakker lita bygd, perfekt for den som likar å gå i fjellet. Her hadde me nokre nydelige dagar.





Etter Igaliko gjekk me ut igjen den samme fjorden, og til Narsaq som er ein større by i Grønlandsk målestokk med sine 2500 innbyggarar. Like ved Narsaq møter Bredefjorden Eiriksfjorden, som begge har kalvande isbrear. Her traff med dermed meir is, men ikkje verre enn at me kom igjennom. Berre eit par dagar tidligare hadde det visstnok vore heilt tett. Inne i havna fekk me plass utapå ein fiskebåt, og bortsett frå ein og annan isklump som dunka i skroget og ein million irriterande mygg hadde me det ganske greit her.




Det er mykje fisk på Grønland. Spesielt torsk. Vårt tredje mannskapsmedlem er lidenskapelig interessert i matlaging og i fisking. Dermed har det blitt nye variantar av torsk nesten kvar einaste dag. Spicy fiskekaker er høgdepunktet så langt.
Etter Narsaq stakk me inn i Eiriksfjorden til Brattalid, kvar Eirik Raude sjølv hadde sitt sete. Leiv Erikson oppdaga Nord-Amerika på ekspedisjon herifrå, og har dermed fått seg ei stor statuta like over bygda. Her driv dei mest jordbruk i dag, og det er ein riktig fin plass. Rett på andre sida av fjorden ligg Narsarsuaq, som var amerikansk flybase under 2. verdenskrig. Her er det i dag flyplass og base for turisme i området. I Brattalid var det berre ankring mellom drivande isberg, så då var det bedre å fortøya på flytebrygge i den gode havna i Narsarsuaq. Her var det også spent opp ei trosse for å stoppe isen og attpåtil låg det eit dansk marineskip der som kunne gje oss nyttig informasjon om potensielle uthavner på østkysten av Grønland. På toppen av det heile var det 230V landstraum. For første gang på nesten 4 år kunne me batteriladaren og panelovnen vår få jobba igjen.



Kun ein dag forsinka, like heil, men uten bagasje ankom Mads i forigårs etter ei natt på hotell i Nuuk. Det er visst svært sjelden her at flyreiser går som planlagt. Det skal nevnast at bagasjen hans havna på avveie allerede på Flesland. I går gjekk me ut fjorden tilbake til Qaqortoq, og no satt Sophie seg akkurat på skyssbåten tilbake til Narsarsuaq for å reisa heim og ta fatt på ein ny haust på jobb i barnehagen. Det er ikkje så kjekt å sei hade etter sju fantastiske veker i lag, men samtidig gjer det ein ekstra boost til å fortsetta seilasen heimover. For no er det nok dilldall her i Sørvest-Grønland. Så snart skodda lettar og dette reisebrevet er publisert sett me kursen først mot Nanortalik for å henta bagasjen til Mads, og deretter mot Prins Christiansund, som er kjent som ein av verdens vakraste fjordar. Denne går frå aust til vest, og gjer at me slepp å gå rundt Kap Farvel. Deretter går me oppover austkysten fram til me får eit vêrvindu til å kryssa over til Reykjavik. Austkysten er ikkje bebudd av andre enn isbjørn dei første 360Nm opp til Tasilaq, så det blir meir ekspedisjonspreg på det heile no framover