Posta på FB 13 juli 2018
Ei lita helsing frå Red Bay lengst sør på Labradorkysten. Her kom me inn i dag, etter ein effektiv overfart i medstraum over Belle Isle-stredet. Det går fint med oss. Raske, friske og happy. Det er 6 veker sidan turen starta i Florida, og det har blitt loggført ca 2000Nm. Dei siste 3 vekene og siste 1000 mila har skjedd i Canada. Canada er inndelt i statar eller fylker, og Labrador er den tredje me er innom etter Nova Scotia og Newfoundland. I Nova Scotia ankom me ein liten plass som heiter Shelburne, og cruisa deretter kysten nordaustover og besøkte Lunenburg, Halifax, Liscombe, Baddeck og Ingonish. Innimellom måtte me venta på at eit og anna lavtrykk skulle blåsa frå seg. I Halifax ankra me opp innerst i ein fjordarm som heite Armdale. Her låg det allerede to norske, og ein svensk båt. Den eine norske og den svenske båten skulle som oss heimover via Grønland, så det var greit å dela litt informasjon og erfaring.

I Liscombe hadde me høyrd rykter om at me kunne gå eit stykke opp ei elv, og at det skulle ligga eit resort der med flytebrygge der me kunne få tilgang på basseng og badstu og greier. Det er ikkje kvar dag me får sjansen til ein skikkelig vask, og iallefall ikkje slik luksus så det vart vedtatt at denne plassen måtte sjekkast ut. Medan endå eit lavtrykk feia over oss, kosa me oss to dagar langs ei lita flytebrygga i den kanadiske villmarka.


Frå Liscombe stakk me avgårde tidleg og tok ein 80Nm dagsettape til St.Peters- slusene som er inngangen til Bras d’Or innsjøen, og øya Cape Breton. Tidleg om morgonen på den kanadiske nasjonaldagen gjekk me gjennom slusene og etter 5-6 timars steaming mellom holmar og skjær og over innsjøen ankra me opp i “småbyen” Baddeck. Her var feiringa godt i gang. Ikkje 17.mai kaliber, men ikkje verst heller. Denne kvelden vart me kjend med eit lokalt par, som etter mange år rundtom på heile kontinentet hadde flytta heim til Baddeck og kjøpt seg eit hus. Neste dag køyrde Dan som han heitte oss ein time avgårde for å få fylt opp gassflaska vår. Denne gjestfriheten og viljen til å hjelpa besøkande som er her borte er unik. Me har aldri vore borti liknande. Seinast i går møtte me eit tilreisande par frå USA. Dei var sjokkert over akkurat dette fenomenet. Dei hadde blitt invitert inn i huset til heilt framande folk. Dei meinte kanadara var vel godtruande og naive. Eg har ein teori om at dei tvers gjennom godhjerta kanadarane jevnt over er lykkeligare enn yankeeane med sine trivielle, men fullstendig meiningslause høflighetsfrasar.


Etter Cape Breton var det endeleg tid for Newfoundland. Denne øya hadde me høyrd mykje om, og me gleda oss til å besøka endå meir perifere strøk og oppleva endå råare natur enn i Nova Scotia. Newfoundland har ikkje svikta! Etter halvannan døgns seilas frå Ingonish på Cape Breton ankom me Lark Harbour på Newfoudlands vestkyst torsdag forrige veka. Her fortøyde me på eit vel grovt kaianlegg, og vart fort ynskje velkommen av ein lokal Newfie. Her på øya er dei utruleg nok ENDÅ meir hyggeleg og imøtekomande enn i Nova Scotia. Den samme natta begynte det å blåsa opp, og det vart tildels utriveleg på det grove kaianlegget. Neste dag fekk me lånt nokre kraftigare fendrar av ein lokal fiskar, så då gjekk det betre. Kulingen skulle vedvara nokre dagar, men sidan den skulle samme veg som oss kunne me fortsetta etter to netter i Lark. Norris Point ligg i Gros Morne nasjonalpark, som er eit fjord-og fjell-landskap ikkje ulikt heima på vestlandet. Neste stopp vart Norris Point, men fjelltur driv me nok med heima så me prioriterte i staden å komma oss vidare neste dag. Denne kvelden var kulingen vel frisk så då passa det godt at Cow Head Harbour var kjent som ei glimrande havn. På tredje forsøket kom me til kai i den friske vinden, og tok sjansen på at 5cm klaring under kjølen på low tide skulle vera tilstrekkeleg. Det var det! Me var tenkt oss vidare neste morgon, men sånn vart det ikkje. Så snart ein kjem seg utpå er det ikke noko problem å ri avgårde med ein kuling i hekken, men det er forferdelig lite fristande å forlata ei god havn i slike forhold. Så då tok eg heller ein spasertur på kaien for å forhøyra meg om diverse praktiske gjeremål som vannfylling og klesvask. Det vart starten på eit nytt vennskap. Sid og Jeff bur opprinnelig i Ontario, men kjøpte seg for nokre år sidan eit lite sommarhus på Cow Head. Det kosta dei 8000 dollar, og har blitt deira sommarparadis. Denne dagen delte me med dei, og fekk ordna alt av gjeremål. I tillegg fekk me ein lang biltur, ein elg-lunsj og mykje bra info om Newfoundland. Ein veldig bra dag!






Neste havn var Port au Choix, etter turens hittil mest perfekte segldag. Frisk bris i hekken, sol og stødige sju knopp heilt i mål. Her var det flytebrygge! Heilt konge! Ikkje minst for å rubba vekk svarte merker etter i overkant mykje gnikking opp etter kommersielle kaianlegg. Her var det folk som tok tampane våre ved ankomst, og ganske snart etter kunne eg ta ein prat med ei lokal kar som eigde båten framom oss. Han hadde slutta med fiskeri, men på våren brukte han båten til selfangst. På vinteren frys heile bukta til, og det er isbrytar som kjem å held havna open. På våren ligg selen å godgjer seg på isflaka, og er eit lett bytte. For nokre år sidan hadde denne newfien tatt 1800 sel på seks dagar med båten sin. Eg spurde også om det var mulig å få kjøpt noko fisk, og 5 min seinare hadde eg ein pose med fersk torskefilet i handa. Gratis sjølvsagt.

I går kveld tok me ei effektiv ankring på le-sida av eit nes, og i dag tidleg satt me kursen for Labrador. Belle Isle stredet er kjent for kval og isfjell. Kvalen har me ikkje sett i dag, men me såg eit stranda isfjell rett utanfor Red Bay. Red Bay var ein periode verdens største kvalfangst-havn på 1600-talet. Her er det museum om nettom dette, og det skal me sjekka ut i morgon. Ellers er det ein milepæl å ha nådd Labrador. Dette er nok definitivt den mest avsidesliggande plassen denne båten har vore. Labradorkysten grensar til Quebec i sør, og strekk seg nord til Hudson-bukta og Baffin Island. Den kalde, men næringsrike Labradorstraumen kjem sørover frå ishavet, så fiskeriet er bra. I innlandet her er det fortsatt mange indianar-reservat og det er mykje villmark. Det er ikkje anbefalt å gå i land utanfor bebygde strøk utan våpen til beskyttelse mot bjørn. Neste etappe blir over igjen til Newfoundland for å besøka ruinane av “Leivsbuene”, som Leiv Erikson satt opp for litt over 1000 år sidan. På søndag får me ein amerikansk kompis ombord, som skal vera med vidare. Det blir greit å vera 3 personar når det blir lengre etappar i sjøar. Får me eit vervindu på 6 dagar sett me kursen for Grønland. Omtrent halve distansen frå Florida til Norge er unnagjort.


Det vart ikkje skrevet nokon facebook-post verken frå dei sista dagane våre i Canada, eller frå overfarten over Labradorhavet så her er eit tilbakeblikk på desse hendingane som faktisk er blant dei største på heile turen:
Etter ei natt eller to i Red Bay peika me baugen mot nordspissen av Newfoundland att. Her fekk me ein strøken seilas med rom slør og ein god bris. Me fossa fram med jevnt over 6 knop og strålande sol. Ettersom me nærma oss land fekk me sjå knølkval og lykka var komplett. Me fekk lurt oss inn i ei skjerma havn som heite Cooks Harbor, fekk dreggen til å sitta og fann roen ombord. Etter ei god natts søvn begynte det å ula godt i riggen på morgonen, og eg fekk ein følelse av at noko ikkje stemde heilt og kom meg på beina. Kanskje det var nokon lydar frå ankerkjettingen som ikkje var heilt riktig. Jaudå, så nærme land var me ikkje i går kveld. Her var det berre å starta motoren og å hiva opp ankeret. Ankeret såg meir ut som ein tare-ball enn som eit anker, så det var ikkje rart at me dregga. Denne dagen skulle me likevel vidare, så me besteme oss likegodt for å ta frokosten undervegs. Denne dagen skulle me ikkje så langt, så det passa greit. Neste havn vart Spillars Cove, og her skulle me forhåpentlegvis finna ei trygg havn kor me kunne forlata båten for å utforska L’Anse aux Meadows. I Spillars Cove fekk me fortøyd på ein skikkeleg kai, og vart fort vennar med dei lokale fiskarane.

L’Anse aux Meadows kunne blitt eit kapittel for seg sjølv, men eg skal ta det kjapt. På nordspissen av Newfoundland oppdaga Helge Ingstad og kona Anne Stine i 1960 nokre ruinar dei meinte måtte stamma frå vikingtid. I årevis dreiv det utgravingar der dei hadde mange solide og gode funn og bevis for sin påstand. Dei fekk mykje motbør frå amerikanarar som foretrakk Columbus som første europear på kontinentet, men tilslutt vart dette av dei fleste akseptert for å vera ruinar frå nordiske busettjarar. Det stemte godt overens med sagaane frå ferdene til bl.a Leiv Erikson. Eg hadde på forhand lest meg opp på temaet, og var nokså ekstatisk ved tanken på å skulla få oppleva denne plassen. Det vart ei stor oppleving. Tenk at her kom dei for over tusen år sidan, fullstendig uvitande om kvar dei var og kva muligheter som fanst her.



No var fokuset vårt tydeleg. Labradorhavet. Grønland. Me fekk ombord min kompis Aaron fra Chicago som eg hadde blitt kjent med i Guatemala, og som tidlegare hadde besøkt oss i Norge. Etter å ha studert vêrmeldingane opp og i mente var tida inne. Men først måtte me få ombord meir proviant, og vår nye venn Terry kunne gledeleg køyra oss på butikken og samtidig la oss få ta ein dusj heima hjå seg, før me ein grytideg morgon satt kursen.



Overfarten til Grønland er også eit kapittel for seg sjølv, men her skal eg også vera kjapp. Destinasjonen på andre sida skulle vera Qaqortoq, og overfarten på 650Nm. Me rekna med å bruka ca 5-6 døger, og me rekna med å få minst eit lavtrykk på oss. Labradorhavet er berykta, og det er ikkje få skuter som har blitt overraska av uvêr her. Som den lengste etappen på turen, og samtidig den etappen lengst utanfor alfarsvêg må eg innrømma at eg var svært spent. Ja, ganske nervøs faktisk. Ville båten halda? Ville mannskapet fiksa det? Me satte kursen, og kunne snart spri segla i ein fin medvind. Etterkvart som me fekk avstand til kysten vart vinden endå meir stabil, og me rusla oss avgårde i 5 knops fart. Slik gjekk det den første dagen, og den andre. Jøss, dette gjekk bra. Den andre kvelden auka vinden litt, og me måtte setta to rev i nattemørket med dei strabasane det medfører. Men det stabiliserte seg, og den tredje og fjerde dagen lensa me oss fortsatt avgårde i finfin medvind. På dag 5 kunne me atter sjå isfjell, då dei beveger seg langs kysten og sjeldan er å sjå midt ute i havet, og etter 5 og eit halvt døger kunne me segla inn i fjorden til Qaqortoq. Den største triumfen i mitt seglarliv var eit faktum!





