Florida til Nova Scotia

Det er mai 2018. Måsen ligg fortøyd på ei bøye utanfor Green Cove Springs Marina, langt oppe i St.John-elva nord i delstaten Florida. Dei siste vekene har det vore fullt fokus på å få båten klar for seilas igjen, og no er tida inne for å koma seg avgårde. Det kriblar kraftig i magen. Over eit år er det sidan meg og Sophie segla ho opp denne elva. Ho stod støtt medan orkanen Irma herja området, og ingen fuktighet i innreiing eller anna skade har oppstått. Sidan 8 mai har eg jobbe på båten. Generell båtpuss, fått reparert segl, ordna roroppheng, skifta tettning på propellaksel, fått på plass ny autopilot m.m. Marius har hjelpe meg, og det har også blitt tid til litt sightseeing og moro. No er me klar for avgang. Etappe 3 av 3.

Når ein først er i Amerika...
Når ein først er i Amerika…

 

Litt oppfriskning:

Etappe 1 av 3
1 mai 2014 til 16 januar 2015. To 25 åringar frå Austrheim reiser ut i verden. Meg og Ruben begynte i Mastrevik og endte opp i Chaguaramas i Trinidad og Tobago. På reisa var me bl.a innom Shetland, Isle of Man, Dublin, Scilly Isles, La Coruna, Gibraltar, Ibiza, Kanariøyane og Kapp Verde før me kryssa Atlanterhavet til Karibia, kvar me besøkte mange øyer.

Etappe 2 av 3
14 januar 2017 til 6 april 2017. Eit forelska par på romantisk cruise i Karibia. Eg er fortsatt overvelda over at Sophie vart med meg ombord i båten etter to års opplag i Trinidad. Etter ein grundig nedvask fekk me båten på sjøen, og etter å ha løyst X antall utfordringar satt me kursen rett ut i ope hav på overnatts-seilas nord til Grenada. Nærgåande fiskebåtar, kraftig avdrift mot vest, og ein motor som hadde stått i ro litt for lenge var usikkerhetsmoment. Det gjekk bra! Vidare segla me til ABC-øyene, til lutfattige og fantasiske Ihle-a-Vache på Haiti, til Cuba og til Bahamas før me enda opp i Florida.

Tilbake til mai 2018. Pappa og søster Ragnhild kjem ombord. Me går for motor til Jacksonville. Den neste dagen går me gjennom ICW (Inter Coastal Waterway) til Fernandina Beach. På veg dit går me oss fast på sandbanker to gonger, men begge gongane er tidevatnet på veg opp og me kjem oss greit av. Uansett ingen høgdepunkt. Her er det grunt i utgangspunktet, og sterke straumar og årlege orkanar flytter sandbankane kontinuerlig. Etter å ha venta på vêret nokre dagar er me klar for eit lengre strekk. Ca 400Nm utaskjærs opp til Beaufort, NC gjekk som ein draum. Dessverre med tidvis sviktande vind, og anslagsvis 2/3 av distansen for motor. Me kunne gått gjennom ICW heile dette strekket, men då ville framdrift ha vore begrensa til på dagtid, distansen ville blitt litt lenger, og ein måtte tatt høgde for straumar og venting på løftebruer så dermed gjekk me utaskjærs.

Mannskap på plass!
Eit tog må over brua før ho kan opnast for oss
Fortøyd i Jacksonville. Turen er i gong!
Om ein ikkje er obs er det fort gjort å bli overraska av tidevannsforskjellane
Avreise frå Fernandina Beach. Tre døger i sjøen ventar
Fine forhold

Fortøyd i Beaufort, NC i lag med yachtane

Beaufort er ein pen liten kystby, som med sin spesielle geografi ligg med strender, holmar, sjøar og kanalar rundt seg på alle kantar. Nokre flate holmar skjermar byen frå storhavet. Samtidig forstår ein at dette er eit område som er særs utsatt for orkanar og tropiske uvêr som kjem inn frå storhavet no og då. Orkansesonen er som regel på sommaren og hausten, så me slapp heldigvis å bekymra oss for mykje for dette. Men den eine kvelden i Beaufort fekk me likevel eit forferdeleg vêr, med lyn og torden heilt i nærområdet. Ved det eine lynnedslaget var det utladningar gjennom båten og det gnistra i mellom grytene i byssa.

Vidare nordover frå Beaufort fall valet lett på ICW, då me ellers måtte ha runda Kapp Hatteras, med sine lumske grunner og straumar. Dermed gjekk me inn i Alligator-land og kunna nyta smale kanalar og store innsjøar nokre dagar.

Ein tordenbyge kom over oss

Norfolk ligg i delstaten Virginia, og er mest kjent for sin gigantiske marine-base. Her er det Navy det handlar om. Fortøyd i Waterside Marina midt i downtown kunne me nyta landlivets gleder fullt ut! På min 30års-dag kasta me loss, og tok ein overnattsetappe opp til Cape May i New Jersey. Ragnhild laga kake, og stemningen var på topp. Attpåtil fekk me fin segling! I Cape May kom det eit lågtrykk, og me vart liggande fortøyd nokre dagar i det som minna om alminneleg vestnorsk haustvêr. I desse dagane grunna eg fælt på ruteval vidare. Me hadde knapt med tid, og om nokre dagar kom Sophie flygande til New York. Kalenderen viste 12 juni den dagen me forlot Cape May med kurs rett mot New Bedford, Massachusetts i det me tolka som brukbare meldingar for effektiv seilas. Dessverre svikta vinden, og i etterpåklokskapen ser me at me like godt kunne gått for motor via New York City. Men det er jo som kjent greit å ha noko tilgode til ein seinare anledning. 

Mot Cape May
30 år
Solnedgang og bursdagsmiddag
Cape May
Mot New Bedford. Rulling og dårleg sikt

I New Bedford var det mannskapsbytte. No kom Sophie ombord, og pappa og Ragnhild takka for seg. Me tok oss ut ein leigebil, og reserverte oss ei leilighet i Queens i New York kvar me hadde ein kveld i lag alle mann. 16 juni. So far, so good! Fram med ullundertøyet, no skulle det endeleg blir kaldare i både luften og sjøen. I Connecticut kjøpte me radar og etter ei heftig proviantering var meg og Sophie på plass i vår gode skute, i legendariske New Bedford. I riktig gamle dagar var New Bedford kanskje verdas ledande by innan kvalfangst, noko som blant anna kjem fram gjennom Herman Melvilles legendariske “Moby Dick”, og det var definitivt ein facinerande, dog noko falma by å vandra gjennom. Når me først var i området måtte me òg ha oss ein dag i Boston. Der traff me nokre gode bekjende av Sophie, og hadde ein heilt strålande dag. Boston er jo også ein by “alle” har eit forhold til gjennom filmar, bøker o.l.

I New Bedford handla det meste om kval
Samla i Queens
Proviant og ny radar
Boston City

Omsider tok me laust frå vår glimrande mooring i New Bedford. Gjennom Cape Cod Canal hadde me straumen med oss og om kvelden kunne me kasta dreggen i bukta utanfor Provincetown i Cape Cod Bay. Dette er eit område me må tilbake til! Nantucket og Martha’s Vineyard må besøkast neste gong. Men no skulle me til Canada. Grytidleg 20 juni putla me oss ut av bukta, runda pynten og satt kursen nordaust for Nova Scotia.

Med ny radar gjennom Cape Cod Canal
Cape Cod Canal
Til ankers i Provincetown


Dette var ein seilas på rundt 300Nm, og gjekk på 2,5 døger. Den første dagen hadde me aldeles glimrande seilas, og høgdepunktet (bortsett frå seglinga) var når me fekk selskap av ein knølkval. Den neste dagen gjekk motoren, og høgdepunktet den dagen var når me traff på ein svær månefisk. Natt til dag tre kunne me segla inn i ein utruleg soloppgang før me gjekk inn fjorden til Shelburne, kvar uniformerte tjenestefolk kunne ynskja oss velkomen og stempla passa våre.  

Canada i sikte
Shelburne
Shelburne

Endeleg i Canada. Verdas nest største land, men uendeleg store villmarksområder, kystkultur og polarhistorie. Eit land med trivelige folk og eit lynne ikkje heilt ulikt vårt eige. Eit land me endeleg skulle få oppleva litt av!

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s