Me ligg fortøyd ved Peake Marina i Chaguaramas. Ei travel bukt heilt vest på Trinidad, prega av seglarar frå heile verda. Her har S/Y Måsen stått på land sidan januar 2015, når eg og Ruben ankom etter ni månedars seilas frå Norge. Sidan den gong har vekene og månedane flydd avgårde med hovudfokus på jobb og livet heima i Norge. Endeleg er tida inne for nye opplevelsar og nye sjømil med skuta vår.
Laurdag for halvanna veke sidan var me på veg til Trinidad, klare for å gjera ein skikkeleg innsats og få båten på sjøen og shipshape så fort som mogeleg. Dessverre likte dei ikkje nødpasset mitt når eg skulle boarda flyet frå Fort Lauderdale i USA, og som mange har fått med seg medførte dette nokre ekstra strabasar. Heldigvis fekk me endra billettane til Trinidad til ei veke fram i tid. I og med at det var helg var det ikkje lett å få informasjon frå den norske ambassaden eller andre, og den informasjonen eg fekk var mangelfull eller prega av usikkerhet. Til slutt bestemte eg meg for å dra frå Miami til Washington D.C. med først fly mandagsmorgon. I Miami hadde me heldigvis fått låna ei fin «lita» leilighet midt på Miami Beach, så Sophie kunne bu standsmessig medan eg var ute på passjakt. I Washington var det minusgrader, med heldigvis hadde eg fått låna Sophie sin ulvang-gensar og skijakka. Bagasjen eg hadde med meg frå Guatemala bar meir preg av ein tropetilværelse.
Eg kom meg til ambassaden rundt lunsjtider. Eg hadde på forhand varsla min ankomst og mitt ærend. På ambassaden var det ingen andre besøkande, så det var rolige forhold i ankomsthallen. Dama i skranken gjorde det tydeleg for meg at eg eigentleg var for seint ute, men at ho skulle gjere eit unntak for regelen og hjelpe meg, samt at eg var ein tosk som ikkje klarte å passa på passet mitt. Ho gjorde det også klart for meg at eg ALDRI hadde fått reisa inn i USA med nødpass. Når eg fortalde at eg hadde gjort nettopp det nokre dagar i forvegen konkluderte ho med at det ikkje kunne stemma. Etter å ha spurd veldig fint om å få komma inn på sjølve ambassaden og låna toalettet, låste ho opp med ein passeleg mengde motvilje. Deretter fortalde ho meg at eg måtte rekna med opp til 14 dagars leveringstid på pass, og at det ikkje var noko å gjera for å endra på den prosessen eller for å undersøka meir spesifikt kva dagar post vart sendt frå Norge til dei aktuelle ambassadane.
På dette tidspunktet var eg naturleg nok fortvilt. Kompisen vår Dan, som skulle segla med oss satt allereie nede på Trinidad og venta på oss. Sophie satt i Miami og venta på meg. Kvar vil du ha passet ditt sendt, spurde ho. Du må bestemma det no, og det lar seg ikkje gjera å endra på det seinare. Eg har tidlegare høyrd at pass kan bestillast under kategori «krise», og då vil det bli laga ila 24 timar. Dette hadde denne dama meget lite tru på. Pass kan ha opp til ti dagars leveringstid i Norge sa ho. Eg spurde om å få logga meg på Wi-Fi for å sjekka litt med flybillettar til Norge og for å ringa og rådføra meg litt. Det gjekk ikkje, men eg skulle få låna ein fasttelefon. Etter ca 15 minuttars ringeaktivitet, kunne ho informera om at det visst likevel går an å bestilla pass med 1 dags leveringstid i Norge ifm. krise, men at det ikkje endrar leveringstid til USA. Eg måtte rekna med å få passet tidlegast fredag den påfølgande veka. På dette tidspunktet måtte eg sjå til å bestemma meg, for ambassadefolket hadde viktigare ting å sysla med enn halvslaskete vestlendingar med ryggsekk og skijakka. Eg plukkar opp passet mitt på Majorstua sa eg.
Etterpå tok eg metroen til downtown Washington D.C. Etter ein kjapp visitt innom ambassaden til Trinidad og Tobago i håp om litt godvilje ang. innreise med nødpass, søkte eg trøst i ein kopp kaffi. Til min store glede har me eit flyselskap som heiter Norwegian Airlines. Den påfølgande dagen, meir spesifikt tirsdagskveld kunne eg fly frå New York til Oslo for 1200kr. Returen frå Oslo til Miami var torsdag klokka 12, nokså rimeleg denne også. Dette gav meg 25 timar i Oslo, altså rikeleg med tid.
Eg hadde eigentleg returbillett frå Washington til Miami tirsdagen, og hadde booka meg inn på eit hostel midt i Washington. Etter å ha sjekka ut nyhuset til Trumpen og fått innlosjert meg på dormen, slo eg meg i lag med ein brasilianar eg traff på hostelet som også var sugen på noko amerikansk pubmat. For pub, øl og hamburger er ting amerikanarane har peiling på. Den neste dagen tok eg buss til New York City. Turen gjekk med til å formulera eit klagebrev til UD og den norske ambassadøren i Washington angåande fråverande folkeskikk og mangelfull service. Det er alltid spesielt å komma til New York. Det første blikket av bygningsmassen på Manhatten er storslått. New York er alt på ein gong. Det er verdens travlaste plass, og eg er sjeleglad eg ikkje bur der. Men det er litt kjekt å observera galskapen for ein kort periode. Etter å ha slått i hjel nokre timar midt i kaoset gjekk eg ned ei trapp midt på Times Square, og tredve minutt seinare var eg på JFK Int. Airport. Av dei tinga eg likar med denne byen inngår kollektivtransporten.
7 timar seinare var eg på Gardermoen. Her satt eg meg på toget, og litt seinare var eg på jernbanetorget. Herifrå tok eg t-bana til Majorstuen, kvar eg var blitt fortald at passet mitt skulle plukkast opp. Dette var naturlegvis feil, passet mitt måtte hentast på politihuset på Grønland. Etter å ha venta på tur ei stund var eg framme i skranka på politihuset. Etter å atter ha blitt innprenta at eg måtte sjå til å ta betre vare på passet mitt, utan å få nevneverdig forståelse for at det var snakk om eit fysisk innbrudd på eit hotellrom, skulle ho sjå om passet mitt var komen. Akkurat samtidig ringte telefonen. Det var frå Grønland politihus som kunne informera om at passet akkurat ankom. Endeleg litt flaks!
Det var ei sann glede å få passet i handa. Endå betre vart det når Gjensidige fortalde at dei hadde utbetalt pengar for flybillettane mine. På dette tidspunktet måtte eg feira. Inger Johanne har tidlegare budd i kollektivet mitt i Ålesund, og hadde sagt seg villig til å bistå meg med selskap og overnattingsplass på Bislett denne onsdagskvelden. Det vart ein bra kveld i lag med fleire kjekke folk på uteplassen Laundromat på Bislett. Oslo var ei bra avslutning på ein vid pub-til-pub runde. Takk til Inger Johanne og de andre som gjorde ei elles trasig reisa til ein eigentleg ganske kjekk opplevelse.
Torsdagskveld dumpa eg nedpå Fort Lauderdale International igjen. Det tok vel tre timar å komma gjennom immigration. Å fly frå Gardermoen til USA er som å setta seg i ei tidsmaskin tilbake til 70-tallet. I forhold til Norge er USA fullstendig ineffektivt, gammaldags og generelt håplaust. Dei hadde bra saker på 70-talet, så eg seier ikkje at eg mislikar USA. Det eg seier er at systemet fungerer ikkje. No er Trumpen president, og sånn som eg ser det er alt håp ute for dette «fantastiske» landet.
Laurdagen flaug me vidare til Trinidad, ei veka bak skjema. Dan hadde fått tilbod om å reisa i Nordsjøen på jobb, så han hadde flydd opp igjen frå Trinidad tidligare i veka og tilbringt eit par dagar med Sophie. Forhåpentlegvis vil han mønstra på Måsen om nokre veker på ei anna karibisk øy.
Det var spesielt å sjå Måsen igjen. Det er få plassar eg føler meg så heima som i denne båten. Den første natta bestemte me oss uansett for å bu i båten til Shaun, som held til fast på Trinidad. Eg traff Shaun sist eg var her nede. Måsen måtte ventilerast og ryddast litt for å bli bebueleg. Den neste dagen satt me i gong. Sophie hadde slått fast at no skulle ting bli på stell. Det var ikkje lengre noko flytande ungkarsrede med skittne laken og sure boksarar rundtom. Me bestemte oss også for unngå meir problem med pass og myndigheter, og dermed skaffa oss amerikanske visum, som er eit krav for å segla inn i USA. Dette til tross for ein tidskrevande prosess, og endå meir forsinkelsar.
Dei neste dagane gjekk med til å vaska, rydda, bunnsmøra, montera utstyr, montera toalettsystem, få motoren til å gå, kasta ting, fiksa ting osv. Det er fint å ha båten i opplag i Trinidad. Det er varmt her, og sjølv om det regnar ein del periodevis får ikkje noko fuktighet etablert seg i båten pga varmen. Dermed held det meste seg fint i båten. Men i likhet med alt anna har ein båt betre av å bli brukt enn å stå i ro. Motor, ventilar og andre bevegelige funkar ikkje like bra. Gummi og treverk utandørs har heller ikkje hatt det direkte godt. Heldigvis har me ikkje teakdekk, og cockpiten har vore skjerma mot sollys og nedbør av presenning.
Alt ser greit ut ved første inspeksjon:
Ein iguana klatrer opp i palmen
Sophie merkar ankerkjettingen
Etter å ha gått igjennom ein omfattande registreringsprosess på internett fekk me intervju på den amerikanske ambassaden fredag 20 januar. Me var først ute den dagen, og det heile var overstått på under 20min. I dag, onsdagsmorgon har me fått bekrefta at passa med visum er utlevert, og at det no berre er snakk om frakt hit til marinaen.
Måndag fekk me endeleg båten på sjøen. Etter å ha manøvrert moderne arbeids-katamaranar og trimaranar med minst tre propellar i jobb-sammenheng dei siste to åra var det ein overgang å skulle manøvrere ein langkjølt gammal holk med enkel to-bladers og null styring akterover igjen, men me rakk akkurat å få ein hekktamp i land før motoralarmen begynte å gå. Som sagt har ingen motor godt av å stå så lenge i ro. Men no går sirkulasjonspumpa på kjølesystemet rundt, termostaten er skifta, tette rør er opna opp og all luft er ute av systemet. Full service er gjort, og alt tydar på at den gamle pentaen vår er klar for nye oppdrag. Tysdag fekk me segla på plass og proviantert for vekesvis, og no er det berre småting igjen på lista. Forhåpentlegvis er me klar for å reisa så snart me får passa våre igjen.
Den siste veka har me også snakka med mange mange andre langturseglarar, og Sophie begynner å forstå kva dette livet inneber. I forhold til eit husprosjekt er det mykje meir krevande. Du har fullt ansvar for eiga sikkerhet, og det er livsviktig at alt er på stell. Tenestar er tilgjengelege, men når det er ein 43 år gammal båt det er snakk om veit du som regel best korleis du vil ha ting gjort sjølv. Du lærer å vera kreativ og løysningsorientert, og det er viktig å ha is i magen og ikkje stresse. Det du får igjen er inngang til ein fantastisk verden, der du har friheita til å segla akkurat dit du vil på eigne premissar og der du treff fantastiske likesinna folk som kan hjelpa deg og utveklsa erfaringar osv. Dette livet er fantastisk og kan faktisk ikkje beskrivast med ord. Det må opplevast.
Her om dagen vart eg plutseleg tiltalt av ein kar som satt litt bortafor meg på marinaen. «Er det Ola Dunk?». Det viste seg at to karar frå Porsgrunn er på jordomsegling med ein 27fots Albin Vega, og veldig villig til å slå av ein prat over ein iskald Carib. Dei siste dagane har me blitt gode kompisar med dei , som førre vinter segla frå Norge til Brasil og langt oppover Amazonas deltaet. I dag satt dei kursen mot Grenada.
Dette vart eit langt innlegg, men sånn går det når ein driv med blogging utan å eigentleg ha tid til å setta seg ned å skriva blogg regelmessig. Uansett, så snart me får att passa våre med visum er me forhåpentlegvis klar til å stikka av. I morgon flyttar me oss uansett ut til ankers, samt tar ein testrunde for å sjå at motor, segl og båt funkar. Det første etappen blir nord til Grenada, ca 80 nautiske mil avgårde. Ein lang dags-seilas. Deretter er planen å segla vestover til ABC-øyene, ca 400 Nm unna, og deretter nordvest til Cuba via Ile a Vache på Haiti. Ei etappe på tilsamman 530Nm. Det er Cuba som er hovudfokuset vårt denne perioden. Om alt går som me håpar kan me parkere båten ein eller anna plass på den amerikanske austkysten når permisjonen min er over i starten av april. Men planane til ein seglar er som skrevet i sanden, så me får sjå…!