I første halvdel av desember var eg og Sophie på rundreise i Guatemala. Siste stopp på turen var eit hauggammalt hotell i Puerto Barrios, som er ein sketen havneby på den karibiske kysten til Guatemala. Me hadde blitt advart fleire gonger mot å reisa dit, grunna mykje kriminalitet. Som ”gammal” sjømann er eg vant til litt forskjellige strok, og den type advarslar prellar som regel av meg. Me sjekka inn på dette hotellet, og følte eit visst ubehag av heile greiene. Me hadde blitt anbefalt å bu i hotellets gamle del, då det var over 100 år gammalt og frå viktorianske tider då plantasjeeigarar og andre vestlige aristokratar styrte showet. Eg likte ideen, og blei absolutt facinert av hotellet, men dessverre hadde dei berre to så dårlige rom til disposisjon i hotellets gamle del at det var heilt uaktuelt. Derimot hadde hotellet ein nyare del også, og her var det aircon og litt betre standard. Dette var som eit amerikansk roadside motell med to etasjer, parkeringsplassar under og terassefasade med inngang til romme frå framsida. Frå rommet vårt kunne me gå via ein gang og inn i ein korridor bakerst i bygget, kvar vaskedamene kunne entra romma. Det at det var to inngangar til romma medførte ikkje begeistring.
Etter at me hadde sjekka inn gjekk me til bassenget for å ta det litt med ro. Når me hadde satt oss kom det ein voldsomt triveleg fyr bort til oss å begynte å prate. Ein treff mykje trivelege folk i Guatemala, så me såg ikkje noko gale i det. På bordet vårt låg nøkkelen med romnummeret synleg. Dette må denne karen ha fått med seg. På ettermiddagen bestemte me oss for å gå ein tur for å booke billettar til neste dags busstur til Guatemala City. Då stod denne karen ved hotellets utgang, og helsa god kveld osv. Me hadde naturlegvis lagt alle verdisaker igjen på hotellrommet, då det er det luraste i ein sketen havneby. Denne karen må ha hatt ein tynn og smidig kompis, for medan me var vekke hadde dei klatra inn eit rektangulært lite vindu i gangen mellom rommet vårt og vaskedame-korridoren og knabba med seg følgande: passet mitt, lommeboka mi og lommeboka til Sophie. Når me kom tilbake vart hotelleigaren gjort kjent med kva som hadde skjedd. Me drog på politistasjonen og meldte frå, og fekk middag og eit betre rom på hotelleigarens bekostning. I tillegg fekk me rundt 1200kr til å ha på reisa tilbake til huset vårt ved laken. I etterkant av dette måtte eg til Guatemala City å søka om nødpass. Det har vore norsk ambassade i Guatemala i alle år, men no er den avvikla til fordel for sentralisering osv. På samme måte som det foregår i dei vestnorske distrikta for tida. Dermed måtte eg søka om nødpass først. Dette måtte lagast i Mexico City, der det er ambassade, for så å sendast tilbake til konsulatet i Guatemala City. Den 22 desember kunne eg henta nødpasset mitt, samme dag som Sophie sine foreldre ankom Guatemala for å feira jul med oss.
Min lykke var at eg hadde det gamle utgåtte passet mitt i god behold, for i det hadde eg nemleg fortsatt gyldig visum til USA. Dermed kunne eg reisa trygt til USA, noko som til vanleg ikkje lar seg gjera med nødpass. Eg har reist litt rundt i verda med nødpass tidlegare, og tenkte at om eg kom meg til USA skulle alt la seg gjera. Det var inntil me skulle boarda flyet frå Miami til Trinidad og Tobago på laurdag.
Det følast som eit slag i trynet. Ein hard punch rett i fleisen. Når du står i skranka på gaten på ein amerikansk flyplass. Operatøren til flyselskapet har akkurat vore på telefon med immigration office på flyplassen i Trinidad og Tobago. No ser han alvorleg på deg og seier: ”They said no”. Eit lite øyeblikk før det begynner å gjera vondt, følast det nesten litt godt. Du rekk å tenke på ein ironisk måte; FOR EIT PATETISK OPPLEGG! HERREGUD, FOR EIN LATTERLEG GJENG. Deretter går konsekvensane opp for deg. Me kjem oss ikkje til Trinidad med det første. Kompisen vår må venta på oss aleina der nede i Trinidad. Eg må til Washington D.C. på ambassaden. Passet må lagast i Norge. Det kjem til å ta ei evigheit. Forsikringa dekkar ikkje slike følgesskader. Budsjettet vårt får ein skikkeleg smell. Og så vidare.
Deretter er det berre å setta i gong alle tiltak. Telefon, e-mails, brev, brevdue, kva som helst. Alt like nytteslaust på ein laurdag. UD er alltid behjelpelig og hyggeleg, men alt dei veit er det eg sjølv veit frå før. I tillegg virkar det som om dei liksom er pålagt å svartmala situasjonen litt ekstra. ”Neeei, eg er ikkje sikker, men eg trur kanskje det er opp til 14dg leveringstid på norske pass”. Ambassadane har naturlegvis helgefri. Konsulenten i Miami hadde nok direkte vidareføring til mobilen sin, då ho med god tru meinte at dei kunne laga norske pass i Washington. Forsikringsdama på helgevakt turde ikkje svara sikkert. Prøv igjen på mandag sa ho.
Etterkvart var det berre å gå ned igjen til National bilutleige. I USA er ein like hjelpeslaus utan bil, som ei bananfloge i ei honningkrukke (eller noko slikt).Lykken i denne historia er at Mayra frå Cuba, som i lag med sonen sin har kjøpt nabohuset vårt i Guatemala, bur i Miami og har ein beach-apartment ho ikkje brukar til dagleg. Denne fekk me låna frå torsdag til laurdag, og denne skulle me få låna igjen.
No er klokka 08:30, og eg sitt på flyet til Washington D.C. Der oppe er det ca -10 grader, eit dårleg utbygd kollektivnett, og eg ser over middels mørkt på situasjonen. Eg skal på den norske ambassaden og setta i gong ein eller annan prosess der. Deretter håpar eg at dei vil ta i mot meg på ambassaden til Trinidad og Tobago, og er dette mitt livs lykkedag gjer dei meg litt godvilje.
Dan som skulle mønstra på Måsen i lag med oss kom til Trinidad på laurdag. Det er vanskeleg og lite gjevande for han å aleina begynna å klargjera ein båt han aldri har sett før, så han reiser opp til Miami til oss i dag. Dvs til Sophie, som ventar der. Eg sjekkar inn på eit hostel i Washington i dag, og flyr ikkje ned igjen til Miami før i morgon.
Eg var tenkt å sy inn i historia at det var skyting på flyplassen i Fort Lauderdale fredag. Dette er som kjent meir eller mindre i Miami, og det er den flyplassen me har reist inn og ut frå desse dagane då det er der alle dei kjipe lavpris-selskapa opererar. Men me er altså ikkje skutt med pistol. Me fekk oss berre eit mentalt slag i trynet av ein flyselskap-operatør på laurdag.
Ånei så vanvittig kiipt! Folk er sjuukt frekke!
All honnør til dere som (til tross for en kjedelig situasjon), er så løsningsorienterte! Bøyer meg i støvet.
Stå på videre!
LikeLike