Landet Guatemala

Guatemala er eit særdeles interessant land. Hovudgrunnen til dette er variasjonen. Variasjonen i naturen, i klimaet, i folket, i byane. Du finn ALT i dette landet. Dersom ein er litt over middels aktiv er det uendeleg mykje ein kan finne på, og veldig mykje forskjellig å utforske. Akkurat på dette enkle feltet er det eit likhetstrekk med vårt eige langstrukne land, der variasjonar i klima, terreng og folk er veldig gjeldande. Det neste punktet er folket. Dei er i det store og heile godt over snittet blid og imøtekommande. Det er alltid nokon som er ute etter pengane dine eller som er mest opptatt av seg sjølv, men det kan du vere veldig sikker på at det er absolutt alle plassar og etter mi erfaring stort sett i større grad enn i Guatemala. Og så er det historien, med eit urfolk som har gjennomgått ei ufrivillig «europasering», og som fortsatt ber preg av det. Det er tydeleg i kor stor grad landsbyfolket egentleg ikkje bryr seg så mykje om kva som foregår på toppane, i politikken og ute i verden. Dei bryr seg fint lite om kven som sitt med makta. Det viktigste er at avlingane blir sikra og at det er mat på bordet så dei yngre kan voksa opp og livet kan gå sin gang slik det har gjort i Maya-verden sidan rundt 2000 f.kr.
map_of_guatemala(På kartet er Lake Atitlan innsjøen ved Panajachel, litt vest for Guatemala City.)

Med bortimot 15mill. innbyggjarar har landet mest folk av nasjonane i mellom-amerika. Guatemala er på 108 890m2, og har kystlinje både til Stillehavet og det Karibiske hav. Guatemala grensar til Mexico i nord, Belize i aust, Honduras og El Salvador i sør. Store delar av landet er tropisk og mykje av det igjen er regnskog. Heldigvis ligg også delar av landet i høgden, og her er det noko meir leveleg klima. Kystlinja på stillehavskysten er lang og består i hovudsak av svarte strender der store dønningar hamrar innover jamt og kontinuerleg. Det er nokre havnebyar her, men trass dei lange strendene er det lite turisme. Den mest turistifiserte plassen er Monterrico som me besøkte for nokre veker sidan. Låglandet på vestkysten blir separert frå høglandet av ei lang rekke vulkanar. Det vulkanske jordsmonnet er fruktbart, og det dyrkast bl.a. store mengdar kaffi. Det er rett over denne vulkankneika at innsjøen vår, Lake Atitlan, ligg. Her ligg også Quetzaltenango, også kjent som Xela som er den nest største byen i landet. Vidare austover ligg Antigua som frå 1500talet var hovudstad etter at spanjolane kom og koloniserte denne delen av verden. Spanjolane var ikkje nådig, og det er ikkje mykje fint å sei om det dei gjorde her borte. Men arkitekturen dei brukte bl.a. i Antigua er fantastisk.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Vidare austover er Guatemala City, som også ligg på rundt 1500moh. Det er ein stor by, som dessverre er kjent for kriminalitet, mord, dop etc. Byen er inndelt i soner, og det er gode og dårlege soner. Enkelte er veldig dårlege. Men i dei gode sonene skjer det mykje bra, og det er mange som jobbar hardt for å forbedra ryktet til hovudstaden. Det er også her i byen du finn dei største klasseskilla.guate-city Nordover og austover i landet herfrå går landet nedover mot havnivå, og temperaturen stig. Det blir meir jungel og regnskog, og det renn store elver. I nord ved Tikal ligg landets største regnskog. I aust renn landets største innsjø Lake Izabal ut i Honduas-gulfen via elva Rio Dulce. Her er det eit veldig tropisk klima, og store deler av året er prega av mykje nedbør og høg luftfuktighet. Ein finn i mindre grad maya-kultur her, og meir karibiske taktar. Ein del av folka som bur på denne kanten stammar faktisk frå den karibiske øya St. Vincent, der dei igjen stammar frå ei blanding av afrikanske slavar og innfødde frå før Kolumbus si tid. Dermed er det eit ganske stort innslag av rastafletter og reaggea-musikk, spesielt i byen Livingston.

Størsteparten av den guatemalske befolkningen i dag er likevel mayafolk eller etterkommarar av mayaen. Mayakulturen har beviste røtter tilbake til ca år 2000 f.kr, men mange hevder den går endå lenger tilbake. I det førkolumbiske Amerika var mayakulturen den mest utvikla sivilisasjonen med egne skriftspråk, astronomiske system, avanserte matematiske system, kunst og arkitektur. Dei var også sterkt religiøse og utførte store ritualer og ofringar. Mayaen strakte seg over store områder, frå Yutacan i Mexico til El Salvador og vestlige Honduras. I Guatemala er det den nordlige regionen som er kjent som senter for den tidlige mayaen. Kjente stadar er Tikal, El Mirador og Yaxha. Her utvikla dei jordbruksbaserte bysamfunn, og levde på ein meir og meir sentrert måte, nesten som i dag. Den klassiske mayaperioden var frå 250-900 e.kr. På denne tida skapte dei storstilte monumentale byggverk som palass og pyramider, og hadde eit mylder av kongedømmer. Dei utførte handel, og vanlige varer var kakao, keramikk, jadestein, salt og handelen var utbredt over store områder.
På 800-tallet gjekk mayasivilisasjonen gjennom ein stor nedgang, og rundt år 900 var mayaen sitt store sammenbrudd. Det er fortsatt eit mysterium kva som skjedde, men teoriar går på miljøkatastrofar, epedemiar, klimaendringar osv. Det finst også bevis på at sivilisasjonen mot slutten ikkje var berekraftig og at utarming av jordbruket og overjakt var årsaker. dsc06703
Mayaen døydde dog aldri ut, og den fortsatte inn i det som er kjent som den postklassiske perioden frå år 900 til 1524 når spaniolane gjorde sitt inntog. Samfunn lenger nord i dagens Mexico vaks seg større til utover 1300-talet. Den klassiske mayaen frå lavlandet trakk seg i stor grad lenger opp i høglandet og utvikla seg vidare i områder nærme det som i dag er kjent som Guatemala City, Xela og også Lake Atitlan kvar me befinn oss no. Rundt år 900 var det to grupper som slo seg ned rundt Lake Atitlan; Kaqchiquel og Tz’utujil. Dei rivaliserte kraftig. Når kolonistane kom frå Spania på 1500-talet lurte dei med seg Kaqchiquelen og beseira Tz’utujil-folket, men partnerskapet var ikkje meir verdt enn at spaniolane i 1531 underla seg Kaqchiquelen, som nok hadde vore mest som slavar å rekna for spaniolane.
Uansett lever fortsatt mayaen i beste velgåande, og i landsbyane på vår side av innsjøen er det Kaqchiquel-indianarar som bur. Her snakkar dei Kaqchiquel og lever fortsatt til ei viss grad etter mange av dei gamle skikkane.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Når spaniolane på blodig vis gjorde sitt inntog på 1500-talet meinte dei at alle innfødde var hedningar, og dermed var ikkje dei gamle skriftene, bygningane eller skikkane mykje verdt. Med brutale midlar tok dei over landet, og underla seg dei innfødde som slavar. Dei tok over landet i søken etter rikdom, og ødela alt dei lokale hadde bygd opp. Dei lukkast nok til ei viss grad, sjølv om mange av indianarane fortsatt har spansk som andrespråk. Klasseskillet er det same som det var, og dei som sitt med makta og rikdomen i hovudstaden den dag i dag er stort sett av europeisk avstamning.
Me har altså huset vårt ved Lake Atitlan. Dette er landets tredje største innsjø, og har heilt sidan turismen oppsto vore kjend som ein av verdens vakraste. Kombinasjonen av innsjøen, spisse vulkanar, frodig landskap og ein fargerik kultur kan til å med gjera ein fjellvant vestlending rørt. Det er nok mange som ser det same som meg, for det er eit stort innslag av utlendingar som tilbringer tid eller slår seg ned her for godt.

I området her har det vore vulkansk aktivitet og store utbrudd i fleire millionar år, men det var for 85000 år sidan at landskapet her vart skapt som det er i dag. Då var det eit massivt vulkansk utbrudd som skal ha blåst aska så langt som til Florida og Panama. Den enorme mengden lava som blei blåst ut førte til at jordoverflata kollapsa, og det blei danna eit gigantisk krater som seinare fylte seg opp med vatn. Innsjøen var skapt. I kjølvatnet av denne hendelsen danna det seg nye vulkanar rundt innsjøen, bl.a. San Pedro-vulkanen og Vulcan Atitlan, begge som me har besteget ila den siste tida.

Den siste tida har me turnert landet på kryss og tvers, og eg innser for eit fantastisk stort og variert land dette er. Det er eit mangfold som det nok er få andre plassar ein kan finna. Forskjellige værfenomen. Fargerike folk. Høge vulkanar. Djupe dalar. Regnskog. Mangrovejungel. To vidt forskjellige kystar. Ein haug med forskjellige språk. Mayaruinar som vitnar om avanserte byggeteknikkar og astronomiske system for lenge sidan. Vårt eige land heima, og vår eiga historie står nok ikkje tilbake for dette her borte. Det er berre så vannvittig forskjellig! Og det er veldig herlig å få vera her å få føla litt på den forskjellen.dsc07222

For vår del går det mot slutten av dette opphaldet. I morgon reiser me til hovudstaden for å møta Sophie sine foreldre. Deretter kjem søster Inga og kompis Kim dei neste dagane for å feira jul med oss. 5 januar reiser me til Trinidad for å få sjøsatt båten. Seglsesongen er i gang i Vestindia. Me gler oss!

2 comments

  • Så kjekt å lesa så mykje om landet og få læra mykje nytt. Ser ut som de har opplevd og sett mykje. Og ikkje minst har huset forandra seg totalt. Kor vakkert da er blitt. Sku så ønskt eg kunne ha kommet å besøke dere. Men kanskje ein gang i framtida at me kan få da til 🙂 gleder meg vertfall masse til å lese om kordan det går med seilingen når den begynner 🙂
    God Jul til dere begge to og kose dykk masse.
    Klem fra Lene

    Like

    • Så kjekt å få kommentar på blogginnlegget! Det er et spennende land med mye historie og kultur. Vi håper vi kan ha huset i mange år fremmover så en gang får vi nok til at dere er med 🙂 Nå har vi bare 10 dager igjen her før vi reiser til båten, det blir noe helt annet!! Litt skummelt, men mest spennende! Ådne gleder seg veldig til å være på sjøen igjen.

      Like

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s