Eigedom i Guatemala?

Me har budd i huset vårt her ved Lake Atitlán i Guatemala i ein måned no. Her er eit lite tilbakeblikk og litt om kvifor og korleis.

Eg har vore i Guatemala tre gonger før. Første gong i 2012. På veg over Atlanteren med Statsraad Lehmkuhl bestemte eg meg for å finna på noko anna enn å dra rett heim etter ankomst. Eg var kjent med at denne Kenneth frå Austrheim budde i Guatemala, så eg sendte han ein mail. Etter avmønstring i Baltimore og eit par dagar i Chicago satt eg meg på flyet nedover. Dei planlagte to vekene blei til fire, og eg vart forelska i dette landet.dsc02463img_0718img_0677

Neste gong eg drog ned hit var i januar 2015. Då hadde seglbåten Måsen akkurat blitt parkert på land i Trinidad, og eg hadde nokre veker før eg skulle heim i ny jobb. På samme måte som første gong vart eg innlosjert i huset til Kenneth i den lille landsbyen Jaibalito. Rett bak huset hans låg det to andre norskeigde hus. På dette tidspunktet var alle her og det var kjempestemning. Det viste seg fort at begge husa var for salg, og eg fekk naturlegvis idear. Og når ein først har begynt å få slike idear her nede, er det allereie for seint å snu. Det fordi denne plassen er som den er, og fordi det er mogeleg å skapa seg unike plassar her med relativt enkle midlar. 20151104_003625000_ios-2

Heile dette opphaldet gjekk eg og grubla, og ideen vaks seg større og betre i skallen min for kvar dag som gjekk. Eg lurte på å kjøpa begge husa som nærmast heng i saman, og skapa eit utleigeimperium. Når eg satt meg på flyet heimover var det berre snakk om dagar før dei som skulle selga også skulle dra. Eg hadde snakka med dei om planane mine, og trudde eg hadde god tid på å bestemma meg og eventuelt ordna finansiering. Men det gjekk ikkje meir enn eit par dagar før det dukka opp ein kar frå New Zealand. Han bydde først på huset eg enda opp med å kjøpa. Eg hadde snakka mykje med selgarane på forhand, og meldt mi interesse for begge husa. Når dei ringte meg måtte eg ta eit kjapt val. Begge husa hadde blitt for mykje for meg. Om eg med nød og neppe hadde fått til finansiering, hadde det ikkje blitt mykje til overs til å bruka på utvikling. Eg kjøpte det huset som låg tryggast plassert i forhold til elveleie, som også var det huset med størst utviklingspotensiale. Med på handelen fekk eg ein ny nabo.

Tredje gongen min i Guatemala var i oktober 2015. Denne gongen delte eg hus med selgarane og me hadde nokre fine veker i lag kor me fekk ordna alt av papirarbeid.

Dette er eit år sidan, og i løpet av dette året har huset blitt fullstendig forandra. Når eg satt i Norge og sendte pengar nedover var det til dels som å spele monopol. Hadde eg ikkje hatt den tilnærminga til det hadde det ikkje gått. Av og til må ein berre gje f***, og få smelt opp dei husa på Ullevål Hageby og Rådhusplassen. Det er det som har skjedd her, og det er ein god følelse å no sitta her og sjå at huset vart som me ville ha det og at pengane har blitt godt brukt.12674751_10153773974266049_1682053122_oIMG_1872dsc06012

Det er nokre få fleire essensielle ting som må ordnast her i løpet av dei neste månedane. Deretter er håpet å få etablert eit lavt jevnt kostnadsnivå med ein «guardian» som passar eigendomen og steller hagen. Forhåpentlegvis blir det etter kvart litt utleige her, og litt pengar som det går an å spytta inn igjen i eigedomen. Det er eit enormt utviklingspotensiale her, men det går ikkje an å fortsetta å senda store summar frå Norge og hit i all framtid. Pengar bør brukast der verdiane blir skapt. Men først må investeringa gjerast fullt og heilt, og det er fortsatt den fasen me er i.

At dette blir ei stor inntektskilde frå utleige er ikkje realistisk. Den beste avkastninga me får, er den tida me kan tilbringa og nyta her. Og det er tida som virkelig er den mest interessante og kanskje kompliserte valutaen som finst. Kursen eller altså verdien av tida, avhenger av korleis og kvar du bruker ho. Og om valutaen held seg er jo ikkje godt å sei. I klartekst betyr dette at det gjeld å bruka tida der du får mest glede eller verdi av den. Og det gjeld å gjera det medan ein har sjanse til det og valutaen er god. Dvs. medan ein har helse osv.

I denne hus-i-Guatemala-sammenhengen betyr dette at me har lyst å komma tilbake å tilbringa tid her så lenge me ikkje finn tida meir verdifull ein anna plass. Finn me tida meir verdifull ein anna plass, og ikkje får anledning til å bruka dette så mykje som me ønsker så er det ikkje verdt å sitta på dette huset. Men me blir meir glad i denne plassen for kvar dag som går, så me satsar alt på at dette er ein plass me kan ha i mange år! Dette til tross for at eg også liker Norge, jobben, langtursegling, å reisa til nye plassar og så vidare… Luksusproblem er riktig ord ja.

No er me her først og fremst for å ha det kjekt. Dette skal vera ein eventyr i større grad enn eit økonomisk prosjekt. Til trass for dette er det huset som har hovudfokuset. Det har ikkje blitt så mykje tid til å reisa rundt, gå på turar og sjå andre delar av landet som det antakeligvis hadde blitt om me hadde leigd oss ein billig plass her nede ein måned. Men gleda ved å sjå framgangen på prosjektet, og det faktum at dette er ein herleg plass gjer det veldig givande å halda på.

Den siste veka me jobba på huset. Me har vore i Guatemala City for å handla . Me har vore i Antigua, som er ein nydeleg og godt bevart by i kolonistil. Her lager dei mykje møblar, og me må tilbake snarleg for å få satt i bestilling et svær sitjegruppe i smijern. Me har blitt lurt av ein teppeselgar. Me har blitt kjent med nye folk her nede, og blitt invitert på både middag og lunsj av bra folk. I går klarte arbeidarane som la fliser på kjøkkenveggen å laga ein jordfeil, som igjen tilførte samtlige spotlights ein snikstrøm så dei blei ståande å lysa svakt. Eit eksempel på småartige problemstillingar ein må forholda seg til.
Guatemala Cityguate-cityHaciendo Real er den beste biffplassen i byenimg-20161028-wa0000Massasjestol er ikkje like godt for alledsc_0725Antigua
dsc00392Vår faste badeplassbadebilde

Den kommande veka skal vindu monterast i andre etasje. Me skal få gjort ferdig så mykje maling som mogeleg. Me skal få kjøpt inn komfyr, kjøleskap og dobbeltseng. Me skal ha eit møte med advokaten vår om formalitetar, eigedomsskatt osv. Kanskje få litt meir møblar på plass. Og få vaska og klargjort rom for besøk som kjem onsdag neste veka.

Ellers er det ein strålande torsdagsmorgon. Det er lite som slår å sitta på terrassen med ein kaffikopp kl 7 på morgonen å sjå at sola treff vulkanane på andre sida av innsjøen. Det regner fortsatt litt om nettene, så alt er friskt og frodig. 22 varmegrader. Kolibrien svirrer rundt i hagen. Det er gode tider!

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s