Me har funnet roen i Jaibalito. Jaibalito er altså ein av dei mindre landsbyane rundt innsjøen Lake Atitlan i Guatemala, og den einaste utan nokon form for vegtilkomst. I Jaibalito bur det stort sett maya-indianarar, og dei lever av jorda. Det er grisgrendte strøk, og maisen veks ofte langt oppi godt gjengrodde og bratte skråningar. Det er lett å la seg imponera av styrken til folket her. Dei lever i enkle kår, men er friske, raske og blide. Om vår moderne verden går ad undas trur eg indianarane i Guatemala er av dei som vil klara seg best. Me er også ein god gjeng utlendingar her i landsbyen. Lake Atitlan har vore eit ynda turistmål i over hundre år. I likheit med enkelte norske fjordstrøk var dette ein ynda destinasjon for eliten frå tidlig i forrige århundre. På eit tidspunkt begynte hippiane å slå seg ned her og i dag dominerer backpackarane. Dermed er det eit sammensurium uten sidestykke av ulike folk og ulike kulturar her. Det blir aldri kjedelig her.
Huset vårt ligg eit stykke oppi ei fjellside med passe avstand til landsbyens sentrum. Her oppe i åsen ligg det 6-7 hus eigd av utlendingar, og huset vårt er eit av tre hus som vart bygd av nordmenn for 10-15 år sidan. No har alle husa nye eigarar, og ei ny æra er innleia oppi her.
Huset overtok me for eit år sidan. I januar i år begynte oppgraderingsarbeidet. Eller utbyggingsarbeidet. Huset var stort nok som det var forsåvidt, men det var ikkje fullført. Potensialet var så vannvittig stort. Første etasje var ferdig, med felles kjøkken/stove-løysing og to soverom med eigne bad. Utanfor første etasje var det eit stort uteområde, utan overbygg. I andre etasje var det to soverom med eigne bad og ein stor terasse. Oppgangen til andre etasje var utandørs utan overbygg. Slik såg det ut:
Det me har gjort er å dra ut ein stor terrasse frå andre etasje over det store uteområdet på grunnplan. Plata som blei støypt her er i massiv betong, forsterka med store mengdar stål. Deretter vart det støypt høge søyler, og heile taket vart trekt ut over heile det flislagte området på grunnplan, trappeoppgangen samt den nye terrassen. Den nye takplata er på størrelse med ei lita fotballbane, og består av mange mange tonn med sement og stål. Dette har blitt transportert med båt og blitt bært opp frå innsjøen. Den arbeidsmengda som har blitt lagt ned er enorm, og sjølv om det hardt arbeid er det ei verdiskapning og arbeidsskapning i landsbyen som blir verdsatt.
Det tunge grunnarbeidet vart i all hovudsak gjort i vår, og dei siste månedane har det gått i murpuss, innsetting av nye vinduer, omplassering av dører, oppsetting av rekkverk, endå meir murpuss, litt elektrisk arbeid, meir murpuss osv. Når me kom for to veker sidan var det finishen som gjensto. Den første veka gjekk i stor grad med til å komma oss på plass. Me fekk flytta inn, snakka med naboane og vaska ned huset innvendig. Me fekk også handla inn maling og tatt ein tur til Xela for å handla fliser. Denne veka skulle flisene komma til Panahachel tidlig mandag, men i kjent Guatemala-stil vart det ikkje slik. Demonstrantar hadde blokkert vegen frå Xela, og transporten vart forsinka. Kl 19 kom endeleg lastebilen, og me fekk lossa flisene i eit skur i Panahachel. Tirsdagsmorgon vart båtane lasta og etterkvart var alt på plass i huset. Resten av veka har to av karane jobba jevnlig med flislegging. Arbeidsleiaren Lorenzo har i stor grad styrt med meir administrative oppgåver.
Det som no skal skje er at me skal innreda andre etasje så den kan brukast som ei eiga leiligheit. Takka vere Kenneth si oppfølging blir dette tidenes penthouse, med ein lang bardisk og eit stort lyst inneareal med kjøkken samt plass til sofakrok og spisebord. Uten at det var min ide støypte dei inn ein karnapp som igjen bidrar til større inneareal og ei mykje finare fasade. Eg hadde egentleg ikkje lyst å legge ut bilder herifrå før det har fått husa seg med farge på veggane og spottar i taket, men dette kjem først på plass den førstkommande veka.
Det er lett å tru at det er dagdrivarliv me driv med, og at det er lett å ligga i hengekøya medan andre slit. Men det er jaggu noko tid som går med til å springa rundt i Panahachel for å kjøpa inn verktøy og utstyr, snakka med handverkarar, bestemma kva løysingar ein skal gå for, få tatt dei nødvendige mål og å gjera dei rette bestillingane. Tirsdag hadde me ein snekkar/treskjærar her. Han skal laga heile kjøkkenet for oss i cypress, og alt er etter våre ønsker og mål. Det blir ikkje ikea-kjøkken her, for å sei det slik. Ein viktig del av huset, fasaden og tilværelsen her er lyset. Nok ein gong takka være Kenneth har det blitt lagt opp til ei lyssetting av dei sjeldne. Det er lagt opp trekkerør og lagt opp til innfelling av spottar på alle søyler og jevnt over alt. Noko var allerede kobla opp, men dette var dessverre ikkje gjort skikkelig og ikkje med dimmbar LED. Dermed har det blitt ei omfattande handleliste og mange hensyn å ta, sjølv om det tilslutt endte opp med å gjere alt på nytt med dimmarar og LED. Det blir totalt rundt 70 spottar med tilhøyrande LED og strategisk dimming. Dei siste to dagane har kompetente elektrikarar gått i gang med å trekke kablar. Forhåpentlegvis er alt kobla og i boks neste helg.
Me har også bestilt inn dører og vindu, så me skal få husa inn delar av andre etasje. Som med kjøkken hadde me håndverkarar på synfaring, dei fekk tatt mål og skissert opp ulike løysningar. Ila to veker skal vindauga vera levert og montert. Det er lettare å vera kreativ når det gjeld vindu her enn heima i Norge, og det blir spennande å sjå resultatet!
Me har også begynt å mala og planen er å få tona ned heile huset eit lite hakk med litt fargesetjing. Kvitt er vel og bra, så lenge det ikkje dominerar fullstendig. Før me begynte på denne utbygginga var kvitfarge og sollys to sentrale ting. Dei to i lag fungerar ikkje. Når det ikkje er råd å vera utandørs på dagtid pga. fare for å bli blenda har det skjedd noko feil. Eit av hovudmotiva for denne utbygginga er å skapa uteareal med skygge. Det har me klart. Dermed kan me behalda litt av den majestetiske kvitfargen. Me har også fått fasa ut ein del av dei kvite flisene med nokre finare mørkare fliser og ei ny og betre heilhet er i ferd med å komma til syne. Det er artig å bygga hus i Guatemala!
Det hadde dog vore ekstremt vanskelig utan hjelp. Kenneth, som altså er frå Austrheim og som bur her nede halve året, har i praksis realisert heile dette prosjektet for oss. Det var han som var prosjektledar når huset vart bygd, og det er han som har styrt heile sirkuset for oss her nede dette året. Han har gjennom tøffe erfaringar lært seg metodane og sjølve måten alt blir gjort på her i Guatemala. Dette er manana-land, og det er heilt andre krav og reglar som gjeld her ift. i Norge. Dei som bur og jobbar her ser alt på ein heilt anna måte enn oss, og alt arbeid krev nitidig oppfølging. Også ift kostnadar. Antakeligvis hadde dette prosjektet kosta oss tre gonger så mykje skulle me brukt normale ingeniørar og arkitektar. Og då hadde me neppe fått det som eg ville ha det uansett. Gjennom åra Kenneth har bygd og styrt på her i Jaibalito, har han fått ein bra mann på laget. Lorenzo er arbeidsledar på prosjektet vårt. Hadde han budd i eit anna land hadde han vore verneombud eller fagforbundsmann. Han følger reglane, er ekstremt punktlig og veldig kostnadsbevisst. Dei to karane her er eg skyldig mange takk.
Me er ikkje her for å stressa, så det blir tid til litt andre ting enn huset. Sophie har begynt på spanskkurs, og henter fort inn på det lille forspranget eg har i spansk. Det blir også bading i laken så ofte som mulig. Ein favoritt her er å stikka til Santa Cruz på lørdagskvelden. Då er det BBQ på La Iguana Perdida som er hostel, resturant og hangout for tilreisande og lokale utlendingar. I går var det fullmåne og magisk stemning for ein tur til Santa Cruz. Her var det stinn brakke, og hæla i taket. I dag var det på tide med ei lita utflukt, og turen gjekk til San Pedro på søndagsmarknad og vidare til San Marcos på lunch med nokre random folk me traff på båten. Bl.a. ei norsk dame som akkurat har påbegynt eit års reising i Mellom- og Sør-Amerika. Dette er også ein del av livet på laken, det er på båten ein får nye vener! Ila dei komande vekene kjem det også fleire kjente trekkfuglar frå nord, og det ligg generelt an til ein meget bra sesong her ved fagre Lake Atitlan!