FDP!

Så sitt eg her, på Gardermoen. Eg har flydd frå Ålesund, medan Sophie snart kjem frå Bergen. Ho køyrde bilen ned dit på torsdag. Dei siste to vekene har gjort inntrykk. Nedtellinga til denne turen har vore lang, og det har ikkje latt seg gjere å snike oss ubemerka av gårde. Dermed har me tvert i mot dratt på og fått feira skikkelig ut i lag med alle gode venar, familie og kollegar dei siste vekene. Kjekke folk altså, heilt usakelig kjekke folk har me rundt oss. Det er sprøtt, men eg sitt her og allerede gler meg til å komma heim igjen om eit halvt år. Ikkje på samme måte som eg gler meg til å komma til Guate no, men på ein anna måte. Me er over middels priviligerte som er i denne situasjonen der me har det så bra. Det einaste som gjeld er å nyta kvar dag, og absolutt ikkje ta noko for gitt.

For to veker sidan var me på Austrheim. Der hadde det vore bryllupshelg og god stemning. Sophie var forlovar for Lene som gifta seg med Sindre. Kjempestemning. Eg vart heima til onsdagen og fekk brukt dagane til nokre båtturar, eit par middagar i byn og ellers diverse mindre gjeremål. Dei siste 10 åra har mopeden min står på ein låve og støva ned. Det er ein Suzuki ZR Chopper. 83 modell og definitivt ein klassikar. I 2004 var denne lille rakkaren sjølve livet for meg. Med 11hk trimsett gjekk den som ei kula, og steila uten problem. Me kunne cruisa rundt på Austrheim både dag og natt. Dette var når me ikkje skrudde, naturlegvis. Enden på denne visa stod lensmannen og biltilsynet for, ein sein kveld i Isdalstø når me skulle til Knarvik å kjøpa baconpølsa. Etter det kom trimsettet aldri på igjen, og sykkelen gjekk som ei bøtta drit. Men eg klarte aldri å selga gliset, og først no innser eg kor glad eg er for dette. Dessverre har eg ikkje stelt så godt med den som eg burde, og chromen er ikkje lenger like fin som den var. Men no er ei holdningendring etablert. På sikt skal ZRen uten tvil totalrenoverast. Då blir det Malossi 50mm…20160921_110614693_ios

Forrige helg leigde me Ulla Havsportsenter på Haramsøya for å samla ein bra gjeng for eit skikkelig gilde. Øystein hadde satt meg i kontakt med eigaren og me fekk ein god deal. Dette er i grunn tre sammenhengande rorbuer, med tilsammen 17 sengeplassar. Den eine rorbua er i god gammal stil med langbord og krabbekokar, og dei to andre er som meir moderne boligstil. Les du dette bør du vurdera å leiga Ulla Havsportsenter i ei eller anna anledning. Eg er generelt veldig facinert av Nordøyane som er fellesbetegnelsen på øyane nordom Ålesund. Enn så lenge er det ferja som held samfunna knytta til omverden, og det er ei herlig atmosfære ute på øyane. Storhavet er nærmaste nabo, og det er få plassar på land du føle deg meir knytta til sjøen enn nettopp her. Om me skal bu på Sunnmøre i framtida ser eg godt for meg å flytta ut på ei øy. Uansett var denne helga heilt konge. Stor takk til alle som var med! Eg legg ved nokre bilder fra helga, og lar dei fortelle historia.pose2

DCIM100GOPROG0021490.

DCIM100GOPROG0131699.

DCIM100GOPROG0081565.

sophie-og-ivarstup

DCIM100GOPROGOPR1767.

I tillegg er Kim sine bilder tilgjengelig her: https://flic.kr/p/LCQYW4

Den siste veka var eg på jobb mandag til fredag. Lørdagen var oss karane frå jobben samla på kurs i Ålesund, og då benytta me sjansen til å få oss ein skikkelig kveld på byn. XL Diner er den beste resturanten eg veit om. Uavhengig av plass og meny. Det er den beste. Her handlar alt om klippfisk. Dei har italiensk bacalao, portugisisk bacalao, karri-bacalao, bacalao med parmaskinke osv osv. Ein kveld på XL der du slepp deg laus og drar på med forrett, dessert og god drikka blir alltid ein opplevelse. Når du attpåtil er i godt lag og får det beste bordet, med den beste utsikten og timer det til solnedgangen er det pur magi. Eg skal ikkje gå i detaljar på korleis kvelden utarta seg, men stemningen sank i allefall ikkje. Creds til Justin for bildet under. Creds til heile gjengen for bra selskap. Bedre kollegaer er ikkje råd å finne nokon plass.aa94978b-9b9d-4f17-bc0a-f6f94efc7aea

No er Sophie her og det er snart boarding på flight DY7031 til Fort Lauderdale. Cheers! 56e7b7ed-d19a-4743-bf3a-dc46b79e86de

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Google photo

You are commenting using your Google account. Log Out /  Change )

Twitter picture

You are commenting using your Twitter account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s