Me skal snart ut på langtur.
Eg har søkt og fått innvilga 6 månedar permisjon frå jobben medan Sophie har sagt opp jobben sin. Den 4 okt, altså om to veker sett me oss på eit av Norwegian sine dreamlinerfly med kurs for andre sida av Atlanteren. Dei første 3 månedane skal me tilbringa i Guatemala. Her har me kjøpt oss eit hus i ein liten landsby ved sida av ein stor og vakker innsjø. Etter å ha levd her ein periode prega av ei passeleg mengde arbeid på huset, ei passeleg mengde med besøk av vener og familie frå Norge og ei passeleg mengde reising og farting i området reiser me rett over nyttår til Trinidad lengst søraust i det karibiske hav. Her ventar S/Y Måsen. Seglbåten som eg (Ådne) og Ruben i løpet av 9 månedar frå mai 2014 segla frå Norge. Den har no stått på land, der den absolutt ikkje høyrer til, sidan slutten av januar 2015, og fortener absolutt å returnere til sitt rette element. Det skal den. Den skal shinast opp og sjøsettast. Når alt er på stell seglar me vestover til ABC- øyene også kjent som dei Nederlandske Antillane. Deretter blir det eit lite havstrekk opp til Haiti, Jamaica og/eller Cuba. Deretter er planen per i dag å segla til Bahamas og vidare til den nordamerikanse austkysten, der båten vil bli parkert mot slutten av mars. (Planar er som kjend til for å endrast.)
Den siste tida har det bygd seg opp enorme forventningar. Dei siste 12 månedande har me vore klar over at me skal avgårde i oktober i år, og det har me naturligvis latt dei rundt oss få vite om. Spesielt på jobb har jo dette måtta bli ei kjent sak. Ordet har spredd seg, og utvikla seg til å bli den store snakkisen. Kortid reiser de?, har eg høyrd fleire gonger i veka det siste halvåret. Det er kjekt, men samtidig litt vanskelig i jobbsammenheng. For eg er veldig glad i jobben min. Dette er den første jobben eg har hatt som eg er genuint interessert i. Eg føler at eg er med på og oppdatert på alt som foregår i avdelinga mi og i regionen generelt og at arbeidet er veldig givande. Med arbeidsbåtar i denne størrelsen kan ein med lita bemanning få gjort alvorlig mykje godt arbeid.
Eg er ansatt i serviceavdelinga i Molde-regionen til eit av dei ledande oppdrettsselskapa i landet. Me har to 45-fots arbeidsbåtar som bistår oppdrettsanlegga med tyngre og meir omfattande operasjonar som avlusing, rigging av nye merder, desinfisering av anlegg, sleping, sortering av fisk osv. Eigentleg det meste utanom fôring av fisk og andre rutinebaserte jobbar dei gjer til dagleg på anlegga. Eg har respekt for, og eit godt forhold til sjefane mine, og syns det gjer litt vondt å tynge dei med det arbeidet det innebærer å erstatte meg denne 6-månedars perioden. Men så lenge ein er open og fair og bidrar til eit bra miljø på arbeidsplassen og har yrkesstolthet til å gjere ein skikkelig innsats dei timane ein får betalt for det, skal ein også ha lov til å stå på sine personlege krav og benytta seg av dei sjansar ein måtte ha til å få litt ekstra goder, i dette tilfellet i form av ein lang permisjon.
Også på privaten er det mykje snakk om turen vår. Eg har reist ut på eventyr før og det har Sophie også. Men for andre verkar det heilt sprøtt det me held på med. Hus i Guatemala!? Båt i Karibien? Begge delar på ein gong? WTF? Og det er litt sprøtt. Men det er faktisk organisert craziness. Den båten har me segla bort sjølv. Eg kjenner båten inn og ut og veit absolutt kva den er god for og korleis den skal seglast. Det kostar ikkje stort meir å ha den ståande der borte enn å ha den liggande i ein marina i Norge. Eg veit den står trygt, og bekymrar meg ikkje for noko. Huset har eg kjøpt av nordmenn som har eigd det sidan det var nytt. Det vart bygd ved hjelp og under ledelse av ein god norsk venn av oss som er i Guatemala no, og som styrer heile sirkuset med utbygging og hagestell osv for oss. Eg fekk kjøpt huset for ein rimeleg sum som eg veit eg kan få igjen. Det skal seiast at eg har sendt bortover ein del pengar dei siste ni månedane og huset har gått igjennom nokre store utbedrelsar. Føler eg meg trygg på å sende så mykje pengar bort utan å vere der for å følge opp arbeidet sjølv? Ja. Det er berre til å gje gass! Huset var halvferdig. I arbeidsperioden frå halvferdig til 90%-ferdig er det ikkje kjekt å bu der. Dermed velger eg å stole på folka og følge opp så godt som det lar seg gjere via internett og telefonkontakt. No reiser me ned til rundt 90%-ferdig for å kosa oss med finish-arbeidet og for å nyta resultatet av litt guts!
S/Y Måsen har altså stått parkert på land i PEAKE marina i Chaguaramas i Trinidad sidan 22 januar 2015. Eg drog tilbake til Trinidad i oktober i fjor for å sjekka at alt såg greit ut. Det var med nervar eg klatra ombord og opna lukene frå cockpiten. Frykta var at heile innreiinga var grønn av mugg grunna fuktig klima og mangelfull ventilering. Det var ingen som hadde sett til båten sidan januar. I mellomtida hadde det vore regntid. Til mi forundring og glede var det heilt fritt for mugg. Alt var tørt og fint og det lukta heilt likt som når me forlot skuta. Når eg var bortom i fjor haust fekk eg meg ein kompis, og det siste året har båten blitt ventilert og sjekka regelmessig av han.
Eg har ei nokså lang liste over båtarbeid. Det er to kategoriar. “To do”, og “May be done”. “May be done” kolonna er lengst. For var det ein ting me lærde av etappe#1 frå Austrheim til Chaguaramas var det at det er egentlig ikkje så mykje som skal til. Det er ekstremt mykje utstyr som er “kjekt å ha”, men som absolutt ikkje er nødvendig. Det som er nødvendig er eit solid skrog, ein solid rigg, litt sikkerhetsutstyr og ellers at båt og mannskap er generelt shipshape. Men den “May be done” lista er der fullt og heilt, for i likheit med andre synast eg det er kjekt å ha ting litt ekstra på stell og å pusle på og få system til å fungere litt bedre og båten til å sjå litt bedre ut. Men no som me “kun” har tre måneder til rådigheit, og (møkkaplassen) Chaguaramas som utgangspunkt kjem me nok til å fokusere på “To do” lista.
No er det to veker til me reiser. Me har jobba fram mot dette tidspunktet over lang tid. Det handlar om å posisjonere seg for å ansvarsfrihet, økonomisk frihet, karrierefrihet… Det handlar om frihet til å stikke av når gradestokken synk her nord på berget, til varmare strender som byr på eventyr. Det handlar om å komme heim igjen våren etterpå og vite at situasjonen er under kontroll, og at eventyret fortsatt lever.