Nordvestlandske fjell

Både eg og Sophie vaks opp i flatt terreng ut mot havet nord for Bergen. Austrheim består av flate holmar og skjer, og er den rake motsetning til fjordlandskapet du finn andre stadar på vestlandet. Likevel har me no i voksen alder dette sterke behovet for å koma oss ut i fjellheimen. Å vandra opp gjennom djupe dalar og bestiga høge tindar har etterkvart blitt ein del av livsstilen vår. Ein av bestekompisane mine frå oppveksten, Stian Andre driv aktivt med ultraløp. I år gjennomførte han både Senja Xreid og Ultra Trail du Mont Blanc TDS. Begge ekstremløp på 120-140km og 6-8000 høydemeter. Sjølv gjennomførte eg Hornindal Rundt på 75km og vel 5500 høydemeter.  Det har blitt påpeikt fleire gongar kor paradoksalt det er at Austrheimingar skal driva med ultraløp. Greit nok, det er ei kuriositet. Men eg trur at folk flest i all hovedsak først finn si personlegheit og veremåte frå 18-års alderen. Og eg har no strengt tatt ikkje budd så mykje på Austrheim sidan den alderen.

Austrheim sett fra Skausen på Lindås dsc01982

For meg er det ei enorm befrielse å koma seg ut i fjellet. Mange seier at dei ikkje ser meninga med å vandra i fjellet. At den einaste hensikta må vera å gå på jakt eller plukka bær eller liknande. Å få noko att for slitet. For meg er gevinsten ro. Å berre traska avgarde får meg til å tenkja positivt. Det er det same som meditasjon for andre. Ein anna gevinst er naturlegvis å oppdaga eit nytt fjell, eller ei ny ruta. Eg er over middels interessert i geografi, og det er alltid artig å sjå ein fjord eller ei bygd frå ein ny vinkel og i eit nytt perspektiv. Og så får ein brukt kroppen. Det er fint å halda seg i form.

Her har meg og Wilhelm Støylen nettopp fullført Hornindal Rundt på 19,5 time.hornindalrundt

Greit nok, sjølv om eg vaks opp i et øylandskap har eg sogneblod i årena. Me var no alltid ein del på hytta i Vadheim, så eg har alltid hatt eit forhold til fjellet. Men det var nok eit anstrengt forhold, som for dei fleste ungar som blir dratt med på fjelltur av foreldre. Når ein er på hytta er det fint å liggja inne og lesa Donald. Men ut skulle me. Uansett og alltid.innskanning-kopi012skann_20160908

Når eg ser tilbake på gamle bildemapper ser eg at det var først i 18-års alderen eg byrja å stikka til fjells på eige intiativ. Då var det stort sett til hytta i Sogn. På vinterstid var det skitrekket som gjaldt. Voss, Myrkdalen, Geilo eller kvar som helst. Som 18-åring drog eg faktisk til Chamonix i lag med min fetter Mats. På den tida blei det danna et naturlig forhold mellom hytteliv og pils. Det heng faktisk i endå. Føler ikkje at det er noko gale i det forsåvidt.img_2498
Uansett. i 2009 flytta eg til Sunnmøre. Litt tilfeldig då eg eigentleg var meir ivrig på studiar i Tønsberg. Men det vart Sunnmøre, og det angrar eg ikkje på. Då eg er avhengig av nærheit til havet, samtidig som fjellet gjer meg veldig mykje glede er Ålesund den perfekte stad å bu. Her bur du heilt ute i havgapet, samtidig som du har djupe fjordar og 1500m-toppar innen ein times rekkevidde. Ein har til og med eit relativt urbant og bredt byliv, om ein likar slikt. Det er sikkert mogeleg å få en liknande følelse i Tromsø eller enkelte andre byar. Uansett, om du er i stand til å la deg facinera av dei nevnte tre faktorane: Fjellet, havet og byen, og attpåtil kan verdsettja litt friskt vêr, så ligg du forbanna godt an i Ålesund. img_3309dsc02574

I Ålesund kommune er det stort sett byfjell det er snakk om. Sukkertoppen, Aksla og Emblemsfjellet er fjell som kan sammeliknast med byfjella i Bergen. Vel og bra om du er ute etter effektiv frisk luft og ei treningsøkt. I dei nærmeste nabokommunene Skodje, Sula og faktisk Giske er fjella noko høgare, og du kan få deg ein noko meir omfattende ettermiddagstur. Det er om du stikk til Sykkylven, Stranda, Ørsta e.l at du plutselig er der. I Sunnmørsalpene. Er sammensurium av spisse tindar som stupar ned i fjordane. Isbrear og fossefall. Lett tilgjengelege fjell, vanskelege fjell. Klyvefjell, klatrefjell og vandrefjell. Rundturar, fisketurar, overnattingsturar. Det begrensar seg rett og slett ikke. Ein ekstremt utbredt sport på denne kanten er tindeplukking. Det kan ikkje sammenliknast med blåbærplukking, då du plukker mange bær per tur men kanskje berre ein tinde per tur. Det handlar om å ha besteget flest tindar. Gjerne via forskjellige ruter også. Det kan vera kjedelig å gå den vanlege ruta opp på ein topp. Velger du ei anna rute får du kanskje traversert over ein vakker fjellrygg, eller passert over ein isbre. Eller på ski på vinterstid. Dermed er dette ein sport som gjer deg ufatteleg mange forskjellige mulighetar og variasjonar. Tenk kor kjedeleg t.d. 200m hekk blir i forhold. Eller fotball for den saks skuld, der alt skjer innanfor eit begrensa areal. Tindeplukking er ein fin sport.
På veg opp på Straumshornet:img_4136-kopi
På toppen av Bispenimg_3380
Skårasalendsc03899Frå toppen av Nordre SmørskredtindDCIM100GOPROGOPR0827.

Toppen av Slogendsc01897

DNT er ei bra organisasjon. Dei eig og administrerer hytter over heile landet. I tillegg merkar dei turstiar og ligg alt tilrette for ryddig og bærekraftig bruk av den norske fjellheimen. For 240kr kan du som medlem overnatta i kva som helst hytte og benytta deg av alle fasilitetane tilgjengelige. I mange av hyttene er det proviantlager, så du treng ikkje tenka på å ta med mat. Er du litt strategisk av deg og har sjansen til å leggja turen til ei hytte litt utanfor allfarsveg, og gjerne på eit tidspunkt som ikkje er midt i fellesferien er det også store sjansar for å få bruke hyttene i ro og fred. Dei folka ein treff på er uansett ofte likesinna og kjekke folk, og å bu på DNT-hytte byr ofte på sosiale opplevelsar. Det siste 1,5 året har eg budd på 8 DNT-hytter og passert eller vore innom endå fleire. Eg er glad i å bu i telt, men når du skal legge bak deg ein 20-30km er det faktisk kjekt å sleppe 30kg bagasje. Det er mange måtar og bruka fjellet på, og det er fint å gjere det på forskjellige måtar. Hovudpoenget er å koma seg ut og få lagt bak seg nokre/mange kilometer. Om det er med lett ryggsekk eller om det er med pulk eller tung ryggsekk er av underordna viktighet. Poenget er å komma seg ut i naturen, og DNT sørger for at logistikken blir ekstremt lettvint. Mange av hyttene er dessuten kul. Det kan vere små, enkle hytter utan straum og innlagt vatn, lafta ein gong for lenge sidan. Eller det kan vere meir moderne bygg, med mange soverom og mulighet for store sammenkomstar. Her er nokre favorittar:
Tyssenaustet:dsc01803Patchellhytta:dsc05436Tjønnebu:dsc01911Veltdalshytta:DCIM100GOPROGOPR0603.

For meg er fjella litt som havet. Ein plass der du er i bevegelse. Ein plass du er på veg frå A-B, men det helst verken er A eller B som betyr noko. Det som betyr noko er øyeblikket i mellom. Nuet. Tankane flyt og du føler at din rolle er ubetydelig og dermed at alt ansvar ovenfor alt og alle andre er long gone. Jobb, penger, oljelekkasjen på bilen, det dårlige golvet i leiligheten. Det spelar inga rolle akkurat no. Det viktigste er at du og eventuelt turpartneren får sjå kva som skjular seg bak neste bakketopp.
Denne posten heiter nordvestlandske fjell, fordi dei har veldig stor påvirkning på livet vårt. Hadde det ikkje vore for dei hadde me neppe budd nettopp her. Eg kunne like godt berre skrevet fjell. Fordi fjella er også veldig fine i Sogn. Me likar også å dra til Jotunheimen. Eller til Alpane. Men det får eg skriva om ein anna gong. Fordi at no er me her. På Sunnmørecropped-cropped-img_2778.jpg

 

 

Submit a comment

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s