No begynner det. Igjen. Eller på nytt. Eg skriv på nytt. Fordi mykje har forandra seg, og fordi det følast som alt er på nytt. Det er nye eventyr på gang. Segling, reising, husbygging osv. Heilt sidan forrige gong eg skreiv blogg har det pågått eventyr, men for min del ikkje eit bloggbart eventyr. Meir eit dagligdags eventyr. Det har ikkje vore tid til å skriva blogg. Sist eg skreiv var når eg og Ruben var på segltur til Karibien med Måsen. (symaasen.wordpress.com) Det stoppa opp i januar 2015. No er det på tide igjen!
Det er ingenting som slår ei vellukka havkryssing. Her får me Spania i sikte etter 3 heftige døgn over Biscaya-bukta. Det var ein j**vli god følelse, ferdig med den saka.
Sidan den gong har mykje skjedd. Nokre bilete med stikkord følgjer:
– Lurt ei dama frå Lindås til å flytta frå Bergen til Ålesund for å vera i lag med meg.
-Fått drømmejobben for Salmar i oppdrettsbransjen. Bl.a. på servicebåten Borris:
– Veldig mykje tur. Ved kvar einaste anledning. Forskjellige typar tur:
– Guatemala. Eg har kjøpt og bygd på eit hus. Eller ein villa:
-Leiligheten/kollektivet. Bra folk og god stemning:
– Ålesund. Her bur me. Utsikten frå stovo vår på bildet øverst.
Det som no skjer er at eg har fått meg eit halvt års permisjon frå jobben i Salmar. Sophie fekk ikkje innvilga permisjon, så ho har sagt opp jobben sin som pedagog i Kulur Olsvika barnehage. Norwegian har lova skriftlig at dei skal ta oss til Fort Lauderdale 3. okt, og Spirit Airlines vidare til Guatemala City den 4 oktober. Me har lagt oss opp litt pengar til å leva for, men ikkje all verden. Levekostnaden er heller ikkje all verden på den kanten, så me satsar på at akkurat det å overleve skal gå greit. Me operererar med eigne budsjett på prosjekta. (Huset og båten), men det kan me komma tilbake til. I Guatemala reiser me rett til Lake Atitlan, og landsbyen Jaibalito. Her har eg vore nokre gongar, og funnet meg såpass tilrette at eg kjøpte meg eit hus i fjor. Veldig mange spør kvifor eg ville kjøpe eit hus i Guatemala. Det er nokre enkle grunnar til det. 1) Det er ein absolutt vidunderleg plass, kvar eg ynskjer å tilbringa tilstrekkelig med tid til at det er verdt å kjøpa hus. 2) Eg liker å arkitektur og her har eg muligheten til å skapa min egen plass, etter egne idear uten å bli stoppa av kostnadar og byråkrati. 3) Ei god økonomisk investering. 4) Eg er ein eigesjuk nordmann.
Så her kjem me 4.okt. Her skal me bu fram til nyttår, og utvikla hus og eigendom samtidig som me nyt plassen, atmosfæren, klimaet, folka og resten av totalpakken. Som ikkje minst er kaffien der, som får Herman Friele sin til å smaka som det vatnet som ligg i vannlåsen i utslagsvasken på kjøkkenet ditt når du kjem att frå ein tre vekers ferie. Me skal også nyta selskapet til alle folka som skal komma å besøka oss gjennom denne perioden. Det blir så mykje god stemning at det grensar til absurd!
Rett over nyttår drar me til Chaguaramas på Trinidad kvar Måsen står godt planta på land. Her blir me joina av ein kompis, Dan, som er klar for eventyr. Her blir det nokre intense veker med båtpuss og reperasjonar av diverse før me heisar segl. Per i dag er planen å segla vestover til dei hollandske antillane, muligens via eit par Venezuelske øyer. Ila disse første vekene får Sophie og Dan lært seg basic havsegling og dermed er me klar for turens lengste leg opp til ei av dei nordlige og større øyane i det karibiske hav, altså Hispaniola, Jamaica eller Cuba. Deretter vidare vestover langs den kubanske sørkysten. Her vil alt bli eit spørsmål om disponering av tid. Me skal enda opp i Rio Dulce i Guatemala før permisjonsperioden min går ut. Forhåpentleg og antakelegvis får me sjekka ut Mexico og Belize på vegen.
So there’s that. Forrige gong var bloggen på engelsk, og i alle størst grad ei slags dagbok med opplevelsar og erfaringar me gjorde undervegs på seilasen med Måsen. Denne gongen satsar me på å skru opp nivået nokre hakk all over, med betre bilete, betre design og betre tematikk. Det einaste nivået som slit er skriftspråket mitt. Nynorsken min har kvilt på hylla sidan ungdomskulen, men eg blir kvalm av å skriva bokmål så dermed satsar eg alt på at nynorsken går seg til. Sophie vil også skriva (derav bokmål domene og tittel) og kanskje ein og anna gjest også…?
Dermed er me i gang! Velkommen!